Ca ein kveld pr mnd er det samling i Trivelstova med leseglade folk - Lesesirkelen på Jøsneset har "surra og gått" eit par år nå, og her er òg nye deltakarar velkomne. Det går enkelt sagt ut på at gruppa blir enige om ei bok som alle skal lese til neste samling. Så når neste treff kjem, har folk lest boka, og innhaldet, temaet, forfattaren blir diskutert. På den måten får du lest bøker du gjerne ikkje hadde kome på du ville lese på eigen hand. Variasjonen i bøker har vore stor - frå ørkenland i Kasakhstan til fiskarliv på Island, frå Oslo til Japan, frå gamle dagar til framtidsvisjon, frå juridisk alvor til svensk humor - frå norske klassikarar til aktualitetar. Boka som blir lest denne månaden er "Sekstitallet" av Ketil Bjørnstad. Dersom du vil vere med på neste lesesirkel, er det fint om du får tak i boka - så pratar me om den neste gong MANDAG 17.oktober kl 19.30 i Trivselstova - sjølvsagt over ein kopp kaffe/te og av og til litt knask
Nytt frå Strandbuen
- Ser du dette flagget, bør du være meget forsiktig
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn
- Nyter du finværet? Her kan du se og sende inn sommerbilder
- Kerstin hadde ingen erfaring med blomster, nå er hun i hagen flere timer hver dag