Ein barnefamilie har kontakta Hjelmeland kommune - dei er på jakt etter både jobb, bustad/tomt - for dei ønskjer å etablere seg her i kommunen. Kanskje me har noko ledig på Jøsneset ????
Familien er mor,far, to små barn og tredjemann på veg. Dei er opprinneleg frå Rogaland. Dei har budd nordpå, og ønskjer nå å flytta på "himslege" trakter. Er det ledig bustad på Jøsneset? Kan du hjelpe dei med ei tomt? Eller kanskje tipse dei om jobb?
Ta kontakt med Vegard Thise i Hjelmeland kommune, 51 75 70 13 / 917 24 880 eller e-post Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Les meir om dette på Hjelmeland kommune si heimeside.