Nei, det er ikkje aprilsnarr !!! Og heller ikkje ei grov jaktskrøne !! Det er faktisk tilfellet:
6 hjortar blei felt på eit kvarters tid i heia på Jøsneset i dag.
I området mellom Valafjellet og Gunlaknaggen møtte to av jegrane hjortane att, medan dei andre to jaga resten av flokken oppover, og pang...pang....pang...pang....pang....pang... - i.l.a 10-15 minutt var 6 av de skutt!!
Det var faktisk(!) enda fleire hjort i området; men då var kvoten nådd.......og laget må vel kanskje òg seie seg meir enn vel nøgde med dagens fangst!
Det er vel slike opplevingar som får ordtaket "to fluer i ein smekk" til å bleikne !!!
ME GRATULERAR JEGRANE !