Jøsneset barnehage har kunst som tema denne vinteren, og nå er det finfin kunstutstilling i salongane på ferja.
Nå kan rundturane om Ombo få ein ny dimensjon -
du kan kombinere dei med ein liten kunstvandring frå salong til salong.
Så ta turen ut av bilen under overfarten, og studèr alle dei fine verka. Barna i barnehagen har lært ulike teknikkar, og har òg hatt ulike motiver for seg. Her er blanding av abstrakt og konkret kunst, og variasjon i fargar og detaljgrad.
Det er lite med kanapeer og champanje på utstillinga;
men finn deg ein kaffekopp frå kanna i gangen - og kos deg. Her kjem ein liten smakebit: