Mandag 22.august starta Jøsneset skule opp att etter sommarferien, men i år var det utan førsteklassingar både her og i Jøsenfjorden. I desse to bygdene er det rett og slett ikkje barn dette alderstrinnet. Og når 6 av fjorårets elevar i dag dro avgarde til Ungdomsskulen, blir elevtallet på Jøsneset mindre enn i fjor. I år blir det 19 elevar på Jøsneset skule. Dei skal samarbeide med Jøsenfjorden skule, der det nå er berre 5 elevar. Dei kjem ut til Jøsneset skule to dagar i veka.
Elles fortel rektor Rasin at òg på Jøsneset skule starta skuleåret med å markere terrorhendingae i Oslo/Utøya. Dei tende lys og hadde med rose, og snakka om hendinga og om kvifor akkurat rose og lys blei brukt. Dei som har lyst å følgje med på Jøsneset skule undervegs utover hausten kan gjerne gå inn på skulen si heimeside.
Nytt frå Strandbuen
- Ser du dette flagget, bør du være meget forsiktig
- Heldigvis var det ikkje sju gifteklare systrer, men sju sysken som fann vegen hit
- Alle elskar Amjd (33) – sjølv har han eit stort sakn
- Nyter du finværet? Her kan du se og sende inn sommerbilder
- Kerstin hadde ingen erfaring med blomster, nå er hun i hagen flere timer hver dag