Søndag 6. desember trassa store og små Jøsnesbuar stormen for å tenna julegrana ved brannstasjonen.
Etter eit luftig fakkeltog frå Skiftunkaien blei julelysa tende, og folk fekk varma seg med gong rundt treet, gløgg og peparkaker.
Trass i at treet blei flytta i siste liten, fann nissen vegen med godsaker til dei minste før han drog heim til Gunlanuten!