Denne veka deltar fleire Jøsnesbarn på idrettskule - og har det veldig gøy.
.....her på vannsklia !!
Dette er ei veke med ulike aktivitetar dag for dag: høyr berre: padling, vannleik, fotball, Michael Jackson-dans, svømming, stjerneorientering (!), handball, sykling, førstehjelp, friluftsliv, o.a.
Det er Jøsnes-studenten Anne Hjorteland og fisterbuen Marianne Krumsvik som har planlagd og organisert idrettsveka. Dei har totalt med seg 9 vaksne instruktørar, og heile 71 barn i aldersgruppa 3.-7 klasse frå alle grender i kommunen deltar.
Både dei "utsendte" barna og instruktør Anne melder tilbake om kjekke, sosiale og aktive dagar i nydleg sommarvær.
Det er Hjelmeland Idrettslag som står som arrangør av idrettsveka, og dei har mange gode, lokale sponsorar i ryggen. M.a har dei hjelp av damene i Fister Sanitetsforening som lagar lunsj kvar dag til den aktive barneflokkken.
Finn masse fine bilder frå idrettsveka og les meir om dei kjekke aktivitetane på HJELMELAND IDRETTSLAG SI HEIMESIDE.