Jøsneset skule hadde tradisjonen tru sommaravslutning i gymsalen saman med Kulturskulen onsdagkveld. Elevane hadde sett samen et fullpakka 1-times variert program; med piano-, gitar,- fiolin og fløytespel, dans, diktopplesing, rytmeorkester......og ikkje minst fleire fyldige power-point-presentasjonar om Arne Garborg. Men det mest populære innslaget var nok den litt spesielle ArneGarborg-rappen. Flott å få presentert Garborg i eit moderne formspråk. Mange flotte, flinke elevar som fortener ei stor takk!
Rektor Rasin nytta høvet til å takke elevflokken, og ikkje minst "ta farvel" med dei seks 7.klassingane som nå er klare for Ungdomskulen. Han sa dei kom til å bli saknelege i skulemiljøet på Jøsneset skule, ikkje minst fordi det ikkje er nokon som byrjar i 1.klasse i år. Til neste år blir det 19 elevar på Jøsneset skule (mot 25 dette året - noko som ifl Rasin var det høgaste elevtalet på 30 år).
Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis