Jøsenfjorden Fritidsklubb, i samarbeid med Hjelmeland Turlag, inviterar til BILDEKVELD MED KJELL HELLE OLSEN i Fjordahuset i Jøsenfjorden torsdag 15.november kl 19.30. Kjell Helle Olsen var i mange år primus motor og leiar av Stavanger Turistforening, dermed òg ein ivrig heiavandrar - og heldigvis òg ein like ivrig naturfotograf. Denne kvelden blir det nok masse flotte bilder frå lokale strøk, primært Jøsenfjorden og heiastrøka innanfor.
Arrangøren lokkar òg med suppe og foccatiabrød - inngangsbilett kr 50,-
Nytt frå Strandbuen
- Stor utbygging splittar bygda – alle gardane kan bli ramma
- Åtte eiendommer solgt fra 600.000 kroner til 5,5 millioner – se hvem som har kjøpt hus
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?