Siste nytt
Hundjakke funnen !
Denne hundedressen blei funne nederst i Kringlemyrskaret på tursti inn mot Bastli. Nokon som kjenner til den? Kontakt Elsa Nesvik Altamirano 951 56 137
Hurra for Lussekatt-servering på MS Nesvik !
Har de lagt merke til kor fint julepynta det er på ferja vår MS Nesvik ? Juletre, glitter, stjerner.....Og ikkje nok med det: I anledning Luciadagen serverte matros Gunn Kleppa nybakte Lussekatter til dei reisande !! Det kallar me flott service, og noko som trøtte pendlarar set pris på !! Takk - Ho fortel òg at ein del av den handlaga julepynten på ferja er laga av barn i barnehagen til ein av dei tilsette. På MS Hydra er det òg julepynta:
Velkommen til juletretenning
Søndag 3. desember klokka 18 blir det lys på juletreet i Skiftukrossen, og nissar i alle aldrar er velkommne! Etter sang og gang rundt juletreet venter gløgg, pepparkaker og graut på Grendahuset
.
Møte på bedehuset 16. november
Torsdag 16. november kl 18.30 blir det møte på Jøsneset bedehus.
Odd Eivind Høyvik fra "Lys Over Land" blir med som talar.
Alle er velkomne!