Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
DUGNAD 14. MAI
For at det skal vere ekstra fint ved Grendahuset når me endeleg kan feire 17. mai saman, inviterer Bygdarådet til dugnad laurdag 14. mai fra kl 10 (det er lov å komme seinare, dersom du likar å nyte ein sein frukost). Det vil bli ein kaffipause med noko og bita i, midt på dagen.
Ting som må gjerast:
- luke i bed
- rydde i kjellaren
- sette opp eit gjerde
- fikse leikeapparat
- reinske takrenner
- osv
Ta med hanskar og hageredskaper dersom du har det. Me satsar på fint vær, godt lag og ein produktiv dag!
Alle er hjarteleg velkomne!
Bygdarådet
Har du lyst på sommarjobb?
Jøsneset bygdaråd kan også i år tilby sommarjobb ved uteområdet ved Grendahuset.
Frist for å søke er 14. mai.
Referat møte i bygdarådet 25.04.2022
Bygdarådet hadde eit møte mandag 25. april.
Referatet kan du lese her.
Utleigeprisar for dei ulike lokala er også oppdatert.
Du kan sjå dei nye prisane her.
På mandag blei det også arrangert Ryddedag. Bygdarådet ønsker å seie takk til alle som møtte opp og bidrog til å rydde strender og langs vegar.
Det positive er at det ser ut som om det er litt mindre søppel nå enn det har vore tidligare om åra. Me får håpe at det held fram!
Flinke, spreke folk !
Etter at koronaen slapp taket, har det auka godt på med medlemmer på treningsrommet ! Og nå i påsken har det vore svært godt besøkt. Ingen fellestreningar, men individuelle treningar basert på medlemskap og kodelås. Og så flott og fint som folk har forlatt lokalet !!! Det er supert !! Nå er påskeutvasken tatt både i gymsal, treningsrom og toaletter. Så nå er lokalet klar for meir trening. Me held fram med fellestreningar kvar torsdag 19.30, men nå når været er så nydeleg, og kveldane så lyse, så kan det hende det blir utetrening. Så dersom du møter opp, ta med uteklær, just in case !
Bli med på ryddedag!
Våren har gjort sitt inntog, og bygdarådet inviterer til å bli med på ein ryddedugnad mandag 25. april kl 17.30.
Me satsar på at godværet held fram, og at mange har lyst å bli med.
Både fastbuande og fritidsbuande er hjarteleg velkomne. Det er kjekt å endeleg kunne treffast igjen.