1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Hardhausen-arrangementet går sin gang søndag 24.mai. Det har vore noko usikkerheit knytt til snøforholda i fjellet. Joda, ein må rekne med å gå noko i snøfenner til Gunlanut og Røssenibben, og litt òg Valafjell. Herefjellet er snøfritt. Vått terreng, men lyng/vegetasjon er flattrykt, så lett å gå på den måten.  Arrangøren vil sende ut folk i terrenget i god tid, slik at du ved start på Fosstemmen får opplyst føreforhold, og ev omlegging av ruter. Rutene blir ev merka om/på ny dersom snøforholda tilseier det. Dei siste dagane har snømengdene minka, og det endrar seg dag for dag, og kan vere annleis på søndag. Difor avventar arrangøren til start for aller siste oppdatering. Ved påmelding får alle utdelt tlf-nr til arrangør - just in case ! Foreløpige værmeldingar på YR viser regn til søndag - men arrangøren er optimist og håpar værgudane er med oss søndag ! I år er forholda litt meir utfordrande enn tidlegare år, men ha gode klær og sko etter været og set av god tid !! Start Fosstemmen 9 -10.30. Parkering Foss eller Åsland. Sjå elles meir generell info om opplegget i artikkel under.   GOD TUR ALLE HARDHAUSAR OG TOPPTURISTAR Smile

FaceBook
Facebook