1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Jøsnesheia viste seg frå si aller røffaste side søndag 24.mai då Hardhausen og 3-nutsturen blei avvikla. Likevel: heile 46 spreke deltakarar trassa været og var med på toppturgåinga i ei samanhengande lang regnbyge, snøfenner i løypa og kaldt vær. Det var òg fleire barn og vaksne som var på besøk i gaphuken ved Fosstemmen - så totalt sett var det imponerande flott oppmøte !! Trass i dårleg vær - det var masse blide folk å møte i heia i dag; både fastbuande Jøsnesbuar, hyttefolk og folk frå nabobygder !! BRAVO FOLKENS !!

 

 

På dette arrangementet er det altså to klassar: 3-NUTSTUR:Gunlanuten, Røssenibben og Valafjellet og HARDHAUSEN: 3-topp-turen + topp nr 4 som er Norda Høgaste.  Det er ikkje om å gjere å gå fortast ! Men: den som kjem nærast den hemmelege,på førehand oppsette, idealtida er vinnar av dei ulike klassane !

3 NUTSTUR 2015 !

3-NUTS-VINNAREN 2015 : Kristiane Westersjø, 12 år !!
Far til Kristiane, Sven, fortel at han eigentleg hadde tenkt at dei "kun" skulle gå til Gunlanuten. Men Kristiane insisterte: alle 3 nutane skal toppast ! Som sagt, så gjort! Kristiane var yngste deltaktar på 3-nutsturen i år - og humøret var på topp ! Her er ho på siste nut: Valafjellet. Idealtida for 3-nut var 4 timer 30 min. Kampen stod mellom far og datter Westersjø, som hadde høvesvis 4 t31 min og 4 t 29 min. Difor loddtrekking: Kristiane vant !!!

Dletkarlista 3-nuts. Dei som er utheva rosa gjekk ikkje alle 3 toppane. Sekretariatet gjer merksam på ein feil på lista: Stein Fosså skal vere rosa; han gjekk ikkje alle tre nutane

 

 

HARDHAUSEN 2015

Vinnar av HARDHAUSEN 2015 blei Svanhild Hjorteland Gbada, til høgre på bildet.
Svanhild gjekk i lag med Lise Tjeltveit (til venstre) og Lene Hjorteland. Dei var notert ut frå start med litt ulike tider. Idealtida for Hardhausen var 5 timar 20 minutt. Striden her stod mellom tante Svanhild og niese Lene, høvesvis med tidene 5 t 21 min og 5 t 19 min. Etter loddtrekking vant Svanhild.

Det var imponerande at heile 21 stk blei Hardhausar i år ! - dette året var det så surt, vått og kaldt at årets deltakarar med rette kan kalle seg "Hardhausar" ! Løypa t/r Fosstemmen er ca 20 km, med store høgdeforskjellar, og mykje ulendt terreng. I år var forholda utfordrande, det var vått, kaldt, sorpete, glatte steinar og mange snøfenner.  Stian Fosså imponerte difor stort med tida: 2 timar 18 min !

 

Dei markert med rosa gjekk ikkje alle nutane.

 
KOM MAI DU SKJØNNE MILDE.....vel, i Jøsnesheia var våren langt borte denne dagen. Enkelte stader låg det metersvis med snø. Men den var lett og grei å gå på. Skodda seig òg godt inn i terrenget denne dagen: så sikta var heller dårleg. For dei som gjekk turen for første gong, var det nok litt stusslig. Men: ein kunne jo leike at ein var på veg til Nordpolen, eller noko slikt !

Heia vår tåkelagd, våt og sur - Likevel: tenk folk vandra i heia og møttes undervegs ! Fantastisk !

Yngste deltakar 3.nut Kristiane på veg til Valafjellet, tett fulgt av Hardhausens eldste deltakar Oliver Hausberg.

Tre-generasjonars-teamet ! Oliver Hausberg blir 80 år dette året(nok ein gong eldste deltakar) og har deltatt på Hardhausen 3 gonger. Denne gongen hadde han fått med seg både datter m/mann og barnebarn på 13 år. Flott familieinnsats i ruskaværet !! Alle 4 fullførte Hardhausen !

Jon Brandal og Johan Fosså frå Ungdomslaget. Johan hadde saft-og nøttestasjon ved "hytta til Kjell" ved foten av Gunlanuten. Ein populær stoppestad - og takk for energipåfyllet !

Johan-bua var meir populær enn "Brustad-bua" denne dagen - iallefall på Jøsneset !!

I gapahuken "Kalvagaren" ved Fosstemmen var det Svanhild Hjorteland og Anne Auglend frå Jøsneset Helselag som dreiv "butikken" - Det var vel dei to som holdt ut lengst denne dagen: var på plass med sekretariatet heile dagen, passa bålet og ga ut deltakarpremiar. Fleire små og store tok turen opp til Fosstemmen; så her var sosial og tett stemning rundt bålet store delar av dagen ! Dei hadde òg selskap av to RødeKors-representantar. Røde Kors var stasjonert ved Fosstemmen heile dagen ! Veldig flott ! Jostein og Berit frå arrangøren starta aller først av alle idag, og var oppe og spraya ut løypa over snøen mellom dei tre høgaste toppane.

Arrangør: Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag

Foto: Svanhild H Gbada og Anne Auglend.

 

 

 

 

FaceBook
Facebook