1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower



Stjernene leverte på SMASHING JØSNESET på lørdag ! 

NORA JABRI : den unge, flotte stjernekampvinnaren med den kraftfulle, nydlege vokalen - ja, verda ligg for Noras føtter !! 

REIDAR LARSEN : veteranen med den råe bluesrøsta og drevne pianospelet - som har stadig nye låtar på lur !!

Ulike artistar, ulike sjangrar. Men begge leverte 100 % - begge to hadde fortjent eit litt større publikum - men alle som møtte på konsertane  fekk ein flott oppleving av proffe artistar !!

Og når det gjeld været: Hanne Sørvaag la lista i fjor: når stjernene kjem til Jøsneset, då er været på vår side: ein nydeleg, stille, god-temperatur-aften med ein aldeles rå solnedgang med Reidars blå tonar.

Fyldigare reportasje frå den kjekke flotte Smashing dagen kjem når "det ultra-lokale pressekorpset" har kome til hektene att etter alt ståheien Wink...så følg med folkens !!

Inntil vidare: TUSEN TAKK TIL ALLE DOKKE FESTLEGE GLADE HERLEGE MENNESKER SOM MØTTE OPP - OG "GJORDE DAGEN" !!!!!

 

Foto: Svanhild Hjorteland Gbada

 

 

 

FaceBook
Facebook