1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 Masse blide folk var å sjå på Jøsneset 25 juli 15 ! Frå midt på dagen til langt på natt var det smil og latter, aktivitet og dans, god mat og god musikk. YR-meterologane holdt komiteen på pinebenken, og meldte regn....men dagen gjekk over i historia som ein av dei bedre 2015-sommardagane: stille og god temperatur - ein herleg sommmardag og kveld !!!   Me fekk kåra ÅRETS KVIGA og ÅRETS STUT - og JøsnesMeister i Morellsteinspytting !!

Smashing blid og fornøyd var òg denne tøttå - Lene Hjorteland - som vant 5-kampen for kvinner og som dermed kan smykke seg med tittelen "ÅRETS KVIGA 2015" !

Aktivitsdagen på Skiftun kai og Skiftun strand var spennande og gøy - Ca 100 stk tok turen hit, og snautt 20 deltok i aktivitetane medan andre padla kano og heia på deltakarane.

5 ulike aktivitetar blei gjennomført for å kunne kåre Årets Stut og Årets Kvige:
- Vannbæring
- Makrell-presisjons-slenging
- Øksekast
- Pilkast ståande i iskar
- Pingpong i isvatn og deretter palle-løp i sjø.

Til slutt var topp 3 slik:

Årets Stut:
1. Sven Westersjø 46 poeng
2. Jostein Hjorteland 36 poeng
3. Rune Haferkamp og Roy Henningsen delt 3.plass med 31 poeng

Årets Kvige:
1. Lene Hjorteland 42 poeng
2. Kristiane Westersjø 38 poeng
3. Ingeborg Westersjø 37 poeng

Jøsnesmeisterskap i Morellsteinspytting:

1. Svein Egil Korsbø 8,42 m
2. Roy Henningsen 8,40 m
3. Vebjørn Fosså 8,20 m

Etter aktivitetsdagen var det ein liten pause - før det sette i gong ute på skuleplassen:

NORA JABRI drog det heile igong frå scenen med "Royals" og holdt ein flott konsert som ljoma ut over Skiftudalen og sikkert heilt til Ombo: Nydeleg, sterk vokal - ei stjerne som hadde fortjent eit langt større publikum denne kvelden......men skitt au: det var verst for dei som ikkje var der Wink - for alle me andre fekk ei flott oppleving og valuta for biletten !! Nora hadde med seg 3 stk i bandet - så her var profft opplegg, god musikk og herlege stjernekampvinnar !

REIDAR LARSEN: veteranen med dei blåe, råe tonane - ja, men kjenner låtane og pianognistringa - herleg !  Han hadde med seg den drevne gitaristen Arne Skage  - så, ja, her var det klasse !! Stemninga tok seg opp, folk dansa....og muligens kunne dei blå tonane ha trilla enda lengre ut over den magiske solnedgangskvelden.......om det ikkje var ei ferja å nå få artistane.

Etter konsertane var over, var det fest og moro vidare - og ikkje minst utlodning av blomsteroppsatsar og amplar frå Ådland gartneri -  slik at det blei ein og annan som dingla seg heimover med svære ampelplanter utpå nattå !!

Summa - summarum - ein SMASHING FLOTT DAG PÅ JØSNESET - takk til alle som møtte fram og støtta med smil, latter, godprat  !

Ta gjerne ein titt på Strandbuen sin videoreportasje (krev innlogging)

Bla deg gjennom bildene frå dagen nedanfor - smashing flott ikkje sant ?



Alle foto: Svanhild Hjorteland Gbada

Takk til alle sponsorar:


I tillegg til dei på oversikten kjem òg:

AK Møgedal på Sand : sponsing av avisannonser 
Nauste på Nesvik: potetsalat, dressing mm
Hjelmeland Turlag : utlån av kanoar.
Hjelmeland kommune, kopiering

...og sikker fleire med....meir takk skal alle sponsorane få etterkvart !


TAKK TIL ALLE FRIVILLIGE JØSNESBUAR SOM BRUKTE AV SI TID FOR FELLESSKAPET !!!
OG TAKK TIL ALLE HERLEGE GLADE MENNESKER SOM MØTTE OPP !!

Jøsneset Bygdaråd !!

 

 

FaceBook
Facebook