1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Ryddedugnadsånda ved Fosstemmen vil ingen ende ta - denne gongen var det Foss Skogsvegforening som kalla inn til lørdagsdugnad - og dei rydda mellom anna vegetasjon langs vegen på nordaustsida av vatnet - dei gravde òg ein god del stikkrenner for vatn nedover dei brattare partia langs vegen - og fleire planar for vegen har dei på lur....


Også her var det tett med oppslag av vegetasjon langs veg og vatn.


Kvist og kvast og mindre småtrær gjekk effektivt rett i den kraftige fresaren......og me tippe at meir enn ei motorsag sveivwink


Joda, det viser igjen der de har vore!...nå får me nær kontakt med vatnet og utsikt over til gapahuken  "Kalvagaren"


Her er ein del av dugnadsgjengen - f.v Sondre Fosså, Dan Olav Sæbø (ny eigar på Sørstadgarden), Jostein Hjorteland, Øyvind Oaland og Tor Magne Skiftun. I tillegg var Sven Westersjø med på dugnaden.

Vegen frå Foss til Fosstemmen er 90 % eigd av Fossgardane og 10 % av Skiftun - fordelt på totalt 12 grunneigarar.  Vegen vidare frå Fosstemmen til Skiftustølen er 100 % eigd av  Skiftun.  Talsmann for Vegforeningen Sven Westersjø fortel at det nå er opna for å kjøre frå Foss til Skiftustølen med bil med bomavgift på kr 150,- og kjøring på eige ansvar. I fjor fekk de inn ca 5000,- på dette, med ei fordeling 60 % til Foss og 40 % til Skiftun.

Om nokre veker har dei planar om å kjøre ut 105 tonn veggrus - mesteparten av dette skal leggjast ut på vegen inn til Fosstemmen - til gode for nyttetransporten her, men nok òg til glede for ivrige turgåarar i området. Årleg blir det brukt mellom 20 - 40 000 kr på veggrus på denne skogsvegen.

Alle foto: Sven Westersjø

FaceBook
Facebook