Siste nytt
Gøy på landet !
Flott oppmøte på treninga tysdagskveld - godt over 20 stk - Ein super mix av ungdom/vaksne/kvinner/menn/fastbuande/hyttefolk ( flest hyttefolk!) som fekk leika og trena seg godt i gymsalen med Rikke Rynningen frå VILJE TRENING som ukens "sommarvikarinstruktør". Det blei både "mattekø" og "terningkø" i gymsalen når Rikke kjørte på med "Bingo-sirkeltrening" - ein slags lagkonkurranse med innlagde styrketreningsøvingar. Me seier berre : velkommen igjen på TORSDAGSTRENINGA !
psst....uskarpt foto - for gjengen sprang så fort
Bli med på stølstur i Jøsenfjorden
ØVRAFJELLSTØLEN - JØSENFJORDEN - LØRDAG 30 JULI med lokalkjent Marie Hauge og turleiar Trond Laugaland
PS: Neste turlagstur er sønd 14. august til Røssenibben
Ny "sommarvikar" på treninga - Rikke !
Gøy når treningsinstruktørsommarvikarane står "i kø" - Denne veka vil Rikke Rynningen ha treninga i gymsalen både tysdag 26 og torsdag 28 juli. Rikke driv VILJE TRENING i Oslo men ferierar nå i Skiftuvigå.....der ho tydeligvis finn treningsinspirasjon ! Ho kjører litt anna opplegg enn vanleg sirkeltrening - men det er bra, for då kan trimmarane kanskje få gangsperr på nye plasser Treninga er som vanleg kl 19.30 og som vanleg open for ALLE !!
Alt klar for SMASHING JØSNESET
Det meldes bra vær til lørdag !! Jøsneset er klar for storinnrykk og det blir satt opp buss fra/til Nesvik kai. Og NB: me set opp buss frå Knutsvik Dalastykkjet kl 19.05 - så hyttefolk: kast dykk på bygda sin storfest på lørdag. Og husk at bilettsalget stenger kl 19.15 - kjøp gjerne billettar på førehand: https://billetto.no/no/events/smashingjosneset
Tidsskjema er som følgjer:
18:45 - Dørene åpner
19:15 - Billettsalget stenger
19:30 Leif og Kompisane Trio går på scenen.
20:45 Goggen går på scenen
24:00 Dørene stenger
Det vil bli servert god grillmat og drikke. Salg av øl og vin. 18 årsgrense. VELKOMMEN !
Mista klokka ?
Har du mista klokka di? I såfall har du nok òg tatt turen til Gunlanuten - for denne låg i turpostkassen på toppen. Den har vore utsatt for stor fuktighet, så det er slett ikkje sikkert den går- men den er i alle fall tatt med ned i låglandet og opna opp for uttørking..... så kan ein vente å sjå. Ta kontakt om det er di - Svanhild 97 00 76 36
Frå Knutsvik til Blåsjø - til fots
Om du er tiltakslaus og har lite å finne på - så kan du kanskje gjere som desse to spreke byguttane frå hyttefeltet i Knutsvik!! I fjor haust bestemte seg for å gå frå Knutsvik til Blåsjø - Alexander Buer Mikalsen 18år til venstre og Rick Andre` Opedal 17 år til høgre. Nå sist veke gjorde de det faktisk - 3 døgn undervegs med ryggsekk, primus og telt! Ruta var i grove trekk som vist på kartet under. Les deira eiga historie under
Trim med sommarvikar
Torsdagstrimmen ruller og går - eller hopper og sprett - bøyer og tøyer - puster og pese - løfter og drar - denne gongen med Jone Hjorteland som sommarvikar - kl 19.30 TORSDAG som vanlig.
Treng du litt inspirasjon? Nokre aktivitetstips? Treng i alle fall ikkje vere redd for å gjere noko feil - viktigste er å vere i bevegelse Alle velkomne
ps - for øvrig ingen kopling mellom sommarvikaren og desse "inspirasjonsøvelsane"