Siste nytt
Oppdatert turstikart Jøsneset
Har du sett Ellen Mari traske rundt i bygda i helga med sekk på - ja, så er det fordi ho har gått frå postkasse til postkasse med den nye, oppdaterte turstifoldaren - "Turstikart for Jøsneset - Ta turen - Jøsneset ventar på deg". Kartet er nokså likt det som blei produsert i 2004, men teksten er oppdatert, litt fleire stadnamn på kartet og litt endring i turmål. Den nye foldaren blir delt ut i postkassane til alle på Jøsneset - inkl dei som har hyttepostkassar - og er òg nå i oppdatert utgåve her på nettsida.
Foldaren er oppdatert i regi av Jøsneset Bygdaråd med midlar frå Sparebankstiftelsen
Turstifoldaren kan fås kjøpt for kr 10 på Nauste på Nesvik, og er òg lagt ut i diverse turpostkassar; som td Håvehammar og her på Tausanibbå - obs: la de ligge i turpostkassen til nestemann
Når du går turar på Jøsneset så vil du sjå at det er kome opp ein del nye stadnamnskilt - og fleire vil kome til etterkvart. Dette er del av stadnamnprosjektet - der det er samla inn og kartfesta lokale stadnamn + produsert skilt.
Torsdagstrim igjen
Nei, Trimmen har ikkje tatt sommarfri - det trimmes vidare også torsdag 7.juli kl 19.30, så vil du utfordre mage, armar, lår og kne - så velkommen til alle både fastbuande og ferierande !
Torsdagstrim på torsdag :-)
Denne gongen blir torsdagstrimmen rett og slett på TORSDAG - nærere bestemt kl 19.30 den 30.juni - møt opp !
Så blei det lys......
....og ikkje kva som helst av lys !!!! Medan Island skriv europeisk (og nesten verdens) fotballhistorie til glede for oss alle, så skriv me her på nordsida europeisk (og nesten verdens) tunnelhistorie - òg til glede for oss alle .
For som den første tunnelen i Europa blir nå Kjøladalstunnelen (den vesle nærast Eiane) opplyst v.h.a solcelle-panel . STAVANGER AFTENBLAD har forska litt nærare på dette fenomenet av ein tunnelbelysning og kome fram til at ein må heilt til Burma og Kina for å finne noko liknande ! Kanskje ventetiden nå er over ! Kanskje alle dagpendlarane og bilistane langsmed fjorden nå endeleg har fått igjen for alle tiiiimane de har venta på ledebilane vinter vår og sommar :-) :-) Les meir om dette LYSANDE tunneleksempelet i STAVANGER AFTENBLAD. Og ikkje nok med det - Kjøladalstunnelen har òg fanga interessen hjå TEKNISK UKEBLAD - og SINUSMAGASINET og LASTEBILEN.NO- der du finn enda fyldigare artiklar om dette lysfenomenet!
PSSST: fotoet er ikkje frå Kjøladalstunnelen - men frå Skottunnelen - som er den lengste tunnelen, som òg nå har fått lys !!!
"Gågruppa" tar sommar !
Jøsneset helselag si gågruppe går turar kvar tysdagskveld. Men akkurat nå har de tatt sommarferie. Starter opp att i august. Det vil komme info om oppstart på nettsida
Men ingen grunn til å legga seg nerpå for det - få med deg ein feriegjest og ta ein tur ut i det grøna graset, i den frodige skogen, opp på ein turpost eller ein høge nut...her finn du TURTIPS PÅ JØSNESET
....eller kanskje du vil utvide horisonten enda meir og legge ut på KODEJAKT !!
Stille, fin jonsokaften
Tradisjonen tro - jonskok blir feira "på dagen" felles for alle i Skiftustranda. Kvelden var fin - fjorden var stille og folk benka seg til med campingstolane i ei lang rekke på kanten av frukthagen - snautt 50 - Kveldsmåltidet blei tilberedt rundt felles grill og barna var ivrige krabbefangarar. Premie til dei som fant flest (hørte rykter om 71 krabbar i den eina bøttå :-)) Is til alle! Jonsokbålet varma og skapte lun og fin stemning i den stille, stille midtsommarkvelden.
Torsdagstrim på onsdag
Torsdag 23. juni er Jonsok, og trimmen er derfor flytta fram til onsdag 22. juni klokka 19:30. Velkommen