Nytt frå Strandbuen
- Nils får 100.000 kroner til å utvikla seg vidare – jublar over mulegheitene det gir
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
- Strekning på riksveg 13 blir manuelt dirigert i en måned
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland
Siste nytt
Hjartemarsj 2.Mai 2016
HJARTEMARSJ 2.Mai kl 18:00
Det er igjen tid for hjartemarsj og i år går turen rundt "Nullen".
Oppmøte ved trivselstova og me avsluttar også her med quiz , kaffi/saft/te og lappar.
Dette er eit realt lågterskel tilbod, så her kan ein trygt bli med uavhengig av alder og fysisk form.
Kom å bli med på dette kjekke arrangementet.
Ingen torsdagstrim denne veka
Trimmen må dessverre avlysast torsdag 14. april, men velkommen neste veke!
Ei lita utfordring til trufaste trimmarar - kva om alle oppmodar ein "aspirant" til å bli med? Plutselig er me kanskje dobbelt så mange
Håvehammar best
Tidlegare blei det meldt om 80 besøkande på Brynå ila påsken. Nå viser statistikken at Håvehammar hadde 107 besøkande. Så muligens...ikkje overraskande... er det kanskje igjen Håvehammar som går av med "seieren" som bygdas mest populære turpost. Fosstemmen er det i alle fall ikkje - med kun litt over 20 stk ila påsken. Men kva med Nesdalsfjellet?
Joda, observatør melder snautt 60 stk der - så altså - Håvehammar blei påskevinnaren:-)
Vårlig torsdags-trim
Det er til tider travelt å bu på Jøsneset, og i kveld er det som vanlig trim i gymsalen klokka 19.30 i regi av Helselaget.
Me driv ulike former for styrke- og kondisjonstrening, og dette passer for alle - uansett alder, form og størrelse! Det krev ingen forkunnskaper, og du treng ikkje anna utstyr enn treningstøy, joggesko og ei vannflaske.
Velkommen!
Brettspeling
Melding frå brettspelarane i Trivselstova : "Endra tidspunkt på spillkvelden, me har pleid å hatt på torsdager. Framøve blir det kvar Tirsdag, frå 18.00 - 19.00. Arr: Madelen Langvik, Kristiane Westersjø, Tania Auglend"
Stor skilt-dugnad
Me har tidligare skrive om arbeidet med å samle inn stadnamn på Jøsneset, les om dette her. No skal namna fresast på fine treskilt og plasserast på sine rette plassar rundt i bygda. Bygdarådet inviterer deg til å bli med på skiltproduksjonen!
LOGOKONKURRANSE
LES MEIR OM KONKURRANSEREGLAR OG FLOTT PREMIE TIL VINNAR !