Nytt frå Strandbuen
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
- Kommunen får krass kritikk etter badstue-konkurranse – alle som tapte har klaget
- Nils får 100.000 kroner til å utvikla seg vidare – jublar over mulegheitene det gir
Siste nytt
Trim plass til påskegodtet
Før du slenger deg i sofaen med rekordbillig smågodt, påskemarsipan og sjokoladeegg kan du letta litt på samvittigheten -og kanskje vekta?- med PÅSKETRIM mandag 21. mars klokka 19.30 i gymsalen
Velkommen :-)
2 av 3 på UKM frå Jøsneset
Torsdag kveld var det UKM-mønstring (UngKulturMøtes) på Samfunnshuset på Hjelmeland. Det var kun 3 deltakarar, og 2 av dei var frå Jøsneset. Sebastian Altamirano og Ida Sværen Oaland stilde i kvar sin kategori - gitar og foto. Dermed "konkurrerte" dei ikkje mot kvarandre. Ida gjekk vidare med sin fotoutstilling, m.a av trær, blomar og ikkje minst: BobbyBøen. bravo! Innan kategori sceneopptreden blei det ei verre nøtt for juryen: Sebastian imponerte stort med sin el-gitarsolo, og juryen skildrar han som uhyre dyktig. Likevel blei han "slått" av ei ung/frisk dansar Polaire Bie Djeba som ifølge juryen leverte "eit fyrverkeri av ein dans". Flott innsats av alle 3 - her gror talenta - me ønsker alle lykke til vidare !
Hagelagstreff
Oppmøte v/skulen kl 19. Ope for alle !
FASTEAKSJON TYSDAG 15.mars
Førstkomande tysdag er dagen for den årlege Fasteaksjonen. Då vil alle husstandar på Jøsneset og i alle andre krinsar i Hjelmeland få besøk av bøsseberarar som samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I år er pengane øyremerka til å skaffa sikker tilgang til reint vatn for folk ute i verda som ikkje har det. Det er soknerådet som organiserer Fasteaksjonen. Tysdag ein gong etter klokka 16 kjem det ein konfirmant eller ein vaksen på døra di med ei innsamlingsbøsse. Ta godt i mot dei! Meir info om Fasteaksjonen HER.
RØFF ungdom
Her er eit utsnitt frå RØFF Hjelmeland si facebookside: Madelen Langvik frå Jøsneset er ei av tre aktivitetsleiarar i RØFF Hjelmeland. RØFF er eit friluftstilbod gjennom Hjelmeland Røde Kors for ungdom mellom 13-17 år. RØFF = RØde Kors Friluftsliv og Førstehjelp. Madelen og dei to klassevenene vil saman med styremedlem i RødeKors Morten Hetland planlegge ulike friluftsaktiviteter utover våren - mellom anna ulike aktivitetar langs turen til "Einars Kvile" på Fister. Flott ungdomsaktivitet !! Heia Madelen!