Nytt frå Strandbuen
- Diskuterte om Strand har plass til kjernekraftverk
- Har noe informasjon om brannårsaken – vurderer å sende krimteknikere til Jørpeland
- En gruppe kommunalt ansatte i Strand får dekket bompenger – har økt rekrutteringen
- Fikk 11.000 kroner i bot etter å ha kjørt i 89 km/t i Ryfast – farten var ikke det verste
- Overkjørte klage på nytt kraftverk: – Relativt lite naturinngrep, sier SV-politiker
Siste nytt
Siste nytt frå Jøsneset Bygdaråd
Mandag 29.februar var det årsmøte i Bygdarådet, med besøk av ordførar Bjørn Laugaland. Ordføraren held eit innlegg om ting han er oppteken av td aktiviteten i bygdene, vegprosjekter, fjordkryssing, kommunestruktur (som han ønskjer å behalde slik den er) og kommuneplanarbeid. Det var godt frammøte på årsmøtet og det blei vald inn ein ny person i styret : Marit Wyller ! Velkommen ! For øvrig består styret av Odd Fosså, Sven Westersjø, Unni Fossaa og Rasin Tjeltveit. Meir frå årsmøtet les du her i ÅRSMØTEREFERATET.
Siste nytt frå Jøsneset Bedehus
Arkivfoto: Trygve Brandal - leiar Jøsneset Bedehus
Tradisjonen tru orienterte Trygve Brandal om ståa for Jøsneset Bedehus på Bygdarådet sitt årsmøtet mandag 29.02. Brandal gjekk gjennom både rekneskapet og årmeldinga. Styret i Jøsneset Bedehus er stabilt og stødig og med relativt høg gjennomsnittalder. Desse er med i styret: leiar Trygve Brandal, nestleiar Kornelius Nesvik, kasserar: Richard Jensen, sekretær Johanne Bog og styremedlemmer: Gjerd Skiftun og Tordis Nesvik. Saman forvaltar dei bedehuset - fellesbygget for heile bygda. Dei fortjener stor takk og mykje ros for mange års trufast frivilleg arbeid !!!! Påskebasaren er huset si beste inntektkjelde - og kjem nok like årvisst i år som alle år - MØT OPP.
Her finn de ÅRSMELDING2015 og REKNESKAP2015.
Taekwondo og karate hånd i hånd
Det er mange aktivitetar som finn stad i dei fråflytta skulebygga for tida. Denne tilfeldige tysdagskvelden kom Lesesirkel-gruppå på leit etter Anne....ho skulle jo ha vært med! Hm...nokon meinte å sett henne på dansen i gymsalen, men den var jo slutt! Men, joda, Anne ho var framleis i gymsalen - men nå på taekwondo-trening!! Her øves det saman i to ulike kampsportar - TAEKWONDO som er ei koreansk sjølvforsvarsgrein og olympisk konkurranseidrett. Og KARATE som er eit japansk kampsystem. Her på Jøsneset går desse to urgamle verdenssportane veldig fint hånd i hånd.
Jøsneset er vel ikkje akkurat kjent for å vere ein skidestinasjon. Men - det er uante muligheter - om du likar å trø motbakkar ! ...og dine eigne spor!! Siste søndag i februar 2016 eigna seg bra - silkeføre - skyfritt - stille !
Enjo - Aloe Vera - Saueskinn - kaffe og prat
Årsmøte i Helselaget
ÅRSMØTE MANDAG 7.MARS 2016 KL: 19:00 PÅ SKULEN
Frist for å levera inn saker til styret er 22.februar 2016
Gåver til basaren mottas med takk.
VEL MØTT TIL MEDLEMMER OG IKKJE MEDLEMMER
Helsing Styret