Nytt frå Strandbuen
- Politi og ambulanse rykka ut til ulykke
- Fredag barkar Fredrik og Vidar saman i lokaloppgjer: – Ekstra kjekt å møta nevøen
- Slik såg det ut då bussen kjørte seg fast
- Foreldre fortviler over skuleskyssen – denne veka kjørte bussen seg fast
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig
Siste nytt
Hardhausen 1.pinsedag 2023
Det nærmar seg pinsehelg og Hardhausen med stormskritt. Følg med på værmelding! Ha med mat og klær etter forholda. Her finn du MEIR INFO OM HARDHAUSEN
Stenging av ballbingen
Ballbingen på Jøsneset vert stengd f.o.m. måndag 22. mai.
Det gamle utslitte graset skal fjernast. Underlag skal gjerast klar for nytt kunstgras utan gummigranulat. Dette skal etter planen leggjast i løpet av sommaren.
Ber om INGEN AKTIVITET i bingen i denne perioden. Takk!
Helsing
«Ballbingefedre» og Hjelmeland IL
Ønske om å leige båtplass
Jøsnes-sida har fått ein henvendelse fra nokon som ønsker å leige ein båtplass på Jøsneset i sommar. Ein stad mellom Nesvik og Knutsvik, for ein båt på 21 fot.
Dersom nokon har ein båtplass til låns kan dei ta kontakt med oss i redaksjonen (Silje, Svanhild eller Solveig, eller epost til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.).
Hardhausen 2023
Då nærmar det seg vårens vakraste eventyr - HARDHAUSEN - ei vandring frå nut til nut på Jøsneset. Og som vanleg skjer det 1.pinsedag. Følg med på værmelding. Kle deg etter været, ta med godt lag og godt med mat og drikke - det er ein relativt krevjande tur om du skal gå alle dei fire høgaste toppane - men husk Hardhaus er Hardhaus
Her finn du kart og meir info om Hardhausen
Følg òg med på Jøsneset Facebook utover i mai - kan hende det kjem meir info.