1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

 

Juryen i Jøsneset Ungdomslag har nå avgjort fotokonkurransen "Min Jøsnessommar 2013", og har kåra Andrea Loktu Vasseng (17) som vinnar med dette nydelege fotoet "Celine dansar heim frå Håvehammar". Juryen si grunngjeving: Eit nydeleg stemningsbilete med vakre kontrastar. Dei varme fargane får fram sommarfølelsen her.

Andrea vil få tilsendt eit forstørra print av vinnarbiletet i akrylglass. Juryen i JUL takkar for alle dei gode bidraga.

Me på Jøsnessia gratulerar òg ein masse til Andrea for det herlege vinnarbiletet. Me tar det med i minnet vårt utover den mørke vinteren: bildet av den lettføtte, glade jenta som dansar ut mot sommarkveldssola på Håvehammar. Fantastisk !

Sjå kven som kom på 2. og 3. plass, og kvifor ved å klikk LES MEIR. Der finn du òg alle andre innsendte foto

 

2.plass "Solglimt innemjødlå tordenbøyene" Foto: Ola Bjarne Fjelde

Juryen seier: Fint komponert bilde som ikkje er heilt ulikt vinnarbildet frå i fjor. Pluss i margen for eit realistisk bilde av ein ekte Jøsnes-sommar !


 

3.plass: Bader i solskinn, Fotograf : Terje Bremnes

Juryen seier: Eit skikkeleg sommarbilde med både timing og fin stemning. Årets beste badebilde !!

Jøsnessiå takkar ALLE bidragsyterar for dei flotte bildene frå sommaren 2013. Veldig flott at de deltek !! Dette gjer sida vår meir spanande og levande,  og me får innblikk i stemningar og situasjonar frå mange stader i bygda. Send gjerne inn foto og tekst året rundt, sjølv utan konkurranse !! Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 


Grøftelangs ein sommarkveld.  Foto: Svanhild H Gbada

 

Kaiza Emilie koser ser i Nesvikstranda. Foto innsendt av Linn Sandvik

 

Flott himmel mot Jelsa frå Knutsvik. Foto: Atle Mikalsen

Kompis er klar for eit bad i Knutsvik båthamn . Foto: Atle Mikalsen

 

 



Knutsvik-sommar. Foto : Tove Opsahl

 




Celine dansar heim frå Håvehammar. Foto: Andrea Loktu Vasseng

 

 


Deilig å bade i "Kogekjedlå" i Krogane på Foss. Foto: Margaret Buene

 
Krogane på Foss. Foto: Margaret Buene

 

Madelen på makrellfiske. Foto innsendt av Cesilie Wåland.

 



Solglimt innimjydlå tordenbøyene. Foto: Ola Bjarne Fjelde

 

Tordenvær på Jøsneset og svigermor takler det best med filla for øynene.

Foto: Ola Bjarne Fjelde

 

Sommar hos Besta og Farfar i Solbakken. Foto innsendt av Christian Fr. Wyller.

 

 

Turmålet NordaHøgaste, med utsikt til Bogsund. Foto innsendt av Sigurd Opedal.

 

 

 

 

 

Rick Andre løper til sjøs i Knutsvik.  Foto innsendt av Sigurd Opedal

 


Sommaridyll på Eiane. Foto innsendt av Maria Brandal Vikene

Bader i solskinn!!  Foto innsendt av Terje Bremnes, og er tatt i Skiftustranda

Sommarkveld i Ingesdalen. Foto innsendt av Madelen Langvik

 

Bella er på ferie !  Fotoet er sendt inn av Andrea Loktu Vasseng, og er tatt på berget heime i hagen på Asheim.

Båtliv og familiekos. Foto innsendt av Cesilie Wåland.

 

 


Badeliv i Nesvik. Foto innsendt av Cesilie Wåland.

 

 



Sebastian nyter solnedgangen. Foto Eddie Vigesdal



Runar og Sarga på nyedleg kveldstur over Nesvikheia. Foto: Unni Fossaa

 

 

Robin på stranda . Foto: Solveig Bog Bouzane

 

Snaaart sommar, foto innsendt av Solveig Bog Bouzane

 



Ferie er òg aktivitet: her er Knut Nesvik i farten; han nyttar ferien til å trene til halvmaratonløpet "Sturhalf" i byen Sturminster i England.  Foto er innsendt av Eddie Vigesdal

 


Første sommarfoto motatt: Mette og Ella (3år) stortrives alltid på Nesvik. Foto: Eddie Vigesdal




Ovanfor ser de vinnarfotoet frå i fjor; flott kveldshimmel over Ombofjorden, fotograf Lene Hjorteland.

Reglar:
Send dine bilder inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan 31.august.
Oppgi namn på fotograf og gjerne stadnamn foto er tatt.
Bildene må vere relatert til Jøsneset på eit eller anna vis, derav tittelen "Min Jøsnessommar"
Bildene blir publisert på nettsida etterkvar som dei kjem inn, og så snart det passer for den frivillige redaksjon.
Me reknar med at ev avbilda personar er klar over at foto blir publisert -dette er fotograf/innsendar sitt ansvar.

 

FaceBook
Facebook