1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Temperaturen i Foss-kulpen sank frå 6 til 4 grader ila siste veka, men talet på badegjester stig! Denne gongen kasta 10 stk seg uti.  For medan folk flest er travelt opptekne med julemesser og innekosing, så boltrar Jøsnesbuane seg i det friske elvevatnet - og denne gongen var det Jøsneset Brannvesen som imponerte mestSurprised


For her boltrar alle brannkarane seg i det isklalde vatnet!
Me vågar påstanden: Jøsneset har kommunens sprekaste brannkorps !!

 

Fosstemmen (som ledar vatn til Fossånå) fraus til is denne helga; så JA - det var definitivt kalddusj dette her !!



Skiftudalen var behørig representert med familien Hjorteland ----litt anna enn Skiftustrand-rivieraen dette her !

 


Deilig med litt varmt både innvending og utvendig etterpå !!

Det blei ein øøøørliten knepen seier til Fossdalen denne gongen; litt avhengig av kor på kartet med plasserar Tonå v/ Tania.
5 frå Foss, 4 frå Skiftudalen og 1 frå Tonå.  Men uansett: Presset på dei andre grendane stig i takt med at temperaturen i Kulpen synk ytterlegare!!! Kva med Fosså-karane? Kor er Åslandbuen? Knutsvik? Nesvik? For ikkje å snakke om Eiane?? Eller MIXn-gjengen?

Utfordringa spissar seg til !!

Foss-Kulpen lørdagar kl 16.00

Foto: Ingeborg Westersjø

 

 

FaceBook
Facebook