Nytt frå Strandbuen
- Arbeidstilsynet fant avvik hos kommunen – varsler tvangsmulkt
- Mange tatt for ulovlig bruk av elsykkel – risikerer sviende bot og destruert sykkel
- Geir og Lexie trefte denne karen på tur: – Eg har sett hjort, elg, hare, ryper og storfugl, men aldri dette
- Her går grevlingen forbi Lexie
- Dette er konsekvensen av kutt i investering på på Tau
Siste nytt
Sønd 24 Mai Hardhaus og 3 Nut-tur 2015
Søndag 24 Mai er det Hardhausen og 3 nutstur. Sjå plakat her
Arrangør: Nasjonalforeningen for folkehelsen Jøsneset Helselag og Jøsneset Ungdomslag
Løypekart og meir informasjon finn de vidare i artikkelen her.
Kongestol ?
Det var ein gong eit furutre ! Det voks på Stien i fred og ro og blei stort og strerkt. Åra gjekk og det blei større og større. Ein flott plass hadde det; med solrik og vid utsikt utover heile Fossdalen. Likevel - ein frisk og vindfull vinterdag gjekk det rektig ille! Vinden sleit og drog i det; og furua blei til ei trasig rotvelte. Her låg ho - midt i gamlestien mellom Foss/Åsland og Fosstemmen, med rota opp og toppen ned. Ingen framtid dette ! Eller ?
Takk for innsats på ryddedag
Takk til alle store og små som stilde opp på ryddedagen tysdag 5.mai i ein forrykande vind ! Langs alle vegar frå Nesvik i sør til Knutsvik og Åsland i nord blei det rydda for søppel. Det blei òg vaska frå golv til tak i Trivselstova, og det blei luka ugras i busk-rabattane på skuleplassen. Så nå er bygda klar for nasjonaldagfeiring ! Bygdarådet spanderte pølser, saft og kaffe til dugnadsfolket, så det blei òg tid til sosial prat.
Arr: Jøsneset Bygdaråd !
Kusymre-tid
Tida er igjen moden for kusymretur frå Åsland til Håvehammar . Langsmed den merka stien er det fleire partier med nydelege blomstrande kusymre - Primula vulgaris - "den første om våren". Det norske namnet kusymre kjem kanskje av at den blomstra på den tida kyrne kunne sleppast på beite. Også lengre oppe i dei solfangande liane mot Herefjellet er det partier med kusymre. Ta turen vel !!
Hjartemarsj 7.mai 2015
Torsdag 7.mai kl 18:00 går årets hjartemarsj rundt Nullen.
Oppmøte ved brannstasjonen og me avsluttar marsjen på skuleplassen med lapper og kaffi ved bålpanna.
Alle er hjarteleg velkomne.
Helsing Styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag.
Ferje kvart kvarter??
Statens Vegvesen lyser nå ferjeanbodet Nesvik-Hjelmeland-Skipavåg ut på nytt. Nå med eit nytt og annleis tredje alternativ som går ut på to mindre ferjer med hyppigare avgangar enn dei to tidlegare alternativa. Les meir på AFTENBLADET