Nytt frå Strandbuen
- Har oppdatert varselet til nytt nivå – stor fare
- 60 sjåfører stoppet i kontroll – så fikk UP øye på en mistenkelig motorsyklist
- Sang for full hals og veivet med flaggene – se alle bildene fra barnehagens 17. mai-tog
- Vi må ikke gjøre flere feil i Jørpeland sentrum
- Cybertruck er kommet til Rogaland: – Det er fremtiden
Siste nytt
Fiber`n har komt !
Dette lovar godt ! Ein stor fibertrommel og anna utstyr til LyseFiberAS er "ankommet" bygda !! Lyse melder at dei startar opp entreprenøraktiviteten på Jøsneset innan kort tid - med fleire km kabeltrekking i luft og jord. Målet er at alle skal ha tilknyting i siste halvdel av 2015. Lyse seier òg at de gledar seg til å kome i gong med arbeidet, og ser fram til at alle på Jøsneset får koble seg til framtidas fiberbreiband. Meir info om dette kjem i den nye utgåva av JØSNESPOSTEN - som kjem i salg før 17.mai
Triveleg dugnad v/ Fosstemmen
16 stk (vaksne og barn) møtte opp på dugnad på "Kalvagaren" ved Fosstemmen laurdag 25.april. Eit godt stykke arbeid blei utført både inne i gapahuken og utanfor på uteområdet og langs stien - men det blei òg tid til varm suppe, nysteikte lappar, kaffe og prat.
Ryddedag 5.mai kl 17
Meir info HER
Dugnad - Kalvagaren v/Fosstemmen
LAURDAG 25. APRIL kl 12.00 - Oppmøte FOSSTEMMEN !
Ta med bøtter og raker og kanskje ei grafse el spade. Det blir kjørt opp eitt lass singel, eit lass jord og eit lass ved. Singelen skal fordelast ut både inni gapahuken og utanfor m.a. på stien. Jorda skal planerast ut og sås i. Og veden skal løs inn i og inntil gapahuken. Alt dette for å gjere denne fantastisk flotte gapahuken "Kalvagaren" enda meir brukarvennleg og flott for allmenta.
Me oppmodar store og små til å stille på ein sosial og nyttig dag ved Fosstemmen! Det blir servert varm suppe og kaffe !
Så me tar oss tid til kos og prat òg JØSNESET BYGDARÅD !
Turlagsaktivitetar 2015
2015 er friluftslivets år, og det blei friskt "opna" med elvebad i Kogekjellå på Foss 13.januar. Men friluftslivets år fortsetter heile året, og HJELMELAND TURLAG har mange kjekke turar og aktivitetar på lur gjennom heile året. Alle er velkomne !!
Førstkommande tur går frå Tøtlandsvik og opp den gamle ferdavegen opp til den fråflytta garden Vormeland. Kort artig kveldstur torsdag 16.april, les meir på plakaten.
Så går ferda til fantastiske Viglesdalen. 24-26 april dugnadstur. Dei to hyttene blir gjort klar for sesongen: det er kjempesosialt og kjekt - samtidig nyttig! Bli med då vel !
Gjennom heile året går Turlaget sin FOTOKONKURRANSE - temaet er Friluftslivets år, og her er to klassar: barn og vaksne. Ut på tur med fotoapparat!! Fine premiar.
Masse meir på lur: her finn du òg 2015 Turprogram
Alle er hjarteleg velkomne - og bli gjerne venn med Turlaget på den opne Facebookside.
Finfin Fiber-Aften
TAKK TIL REVYGJENGEN : Solveig, LIse, Lene, Sven og Silje + Josè og Sebastian på lyd/musikk for ein finfin Fiberrik Aften !!
Ja, for FIBER gjekk som ein rød tråd (?).....eller kanskje heller som ein "heit kabel" gjennom revyen - som forøvrig var fullspekka av ultralokale humoristiske innslag - alt frå lokale "Mullaløft" , tømming av den gule postkassen og til JøsnesNytt. Ja, det lengste de våga å bevege seg ut i verda var til Jøsenfjorden,... og jo eitt hakk enda lengre inn - eit dybdeintervju innante Udladalen var vel det mest regionale innslaget. Veldig bra !! Me gledar oss alt til neste år.
Jøsnespåsken2015
Korleis var din Jøsnespåske 2015? Skiturar til heis? Båttur på fjorden? Nyfødde lam? Hagekos? Hyttesnekring? Bålbrenning og eggekoking? Turpostbesøk? Basar? Send oss gjerne foto frå din Jøsnespåske eller foto som minner oss om det vakre årstida me er inne i nå! Send inn til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Foto over: Flott utsikt frå populær turpost - Nesdalsfjellet, Nesvik. Foto: Ellen Mari Fosså