Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Skikarusellen
Den årlege skikarusell startar måndag 26. januar. All info finn du hos SULDAL IDRETTSLAG
Takk alle friskusar !
TAKK til alle sprøe friskusar som møtte opp på opning av Friluftslivets år-arrangementet på Foss, Jøsneset 13.januar. Været viste seg frå si mest ustadige side; lyn, torden, haglebyger, snøklessa og vind, ja, eit såpass heftig vær at Jøsnesbygda og delar av Hjelmeland var straumlaus denne kvelden. Trass i alt dette; 37 små og store møtee opp til utandørsarrangement: bratt tur til Håvehammar i mørknå, bading i elvekulpen, viltsuppe og bålkaffe, Fabelaktig ! (Foto: Eldfinn Austigard)
Nokon som saknar fat og klær??
Det har vore utvask på skulen ila helga ! Der er det funne ein del ting som sannsynlegvis er gjengløymt. Det gjeld nokre fat/tallerkar, ein kakeboks og eit fat (sikkert frå nyttårsfesten). Det er òg ein del klær som ligg att; sjå foto under.
Ta kontakt med Unni Fossaa om du ser noko du savnar blant desse tinga
Nytt pendlartilbod frå Nesvik
Tilbodet gjeld for morgonfuglar: Hurtigbåt frå Nesvik kl 05.20
KOLUMBUS SKRIV: Nytt pendlertilbud fra Hjemleland, Ølesund, Sandanger og Fister: Hurtigbåten starter på Nesvik kl. 05.20, går via Hjemleland, Ølesund, Sandanger, Fister og Fisterøyene, før den ankommer Judaberg kl. 06.15. På Judaberg er det båtbytte, og hurtigbåten ankommer Stavanger kl. 07.05. Dette innebærer at det vil være mulig å pendle fra Hjelmeland kommune og være på arbeid på Forus før kl. 08.00.
Vellykka nyttårsfest
Jøsneset Bygdaråd - bulystgruppa - inviterte heile bygda til felles nyttårsfeiring tidlegare i haust. Det meldte seg ein god del interesserte og det blei nedsett ein frivillig komitè som koordinerte og ordna til. Kvelden kom og over 50 stk strøyma på med kvar sine fantastiske matfat. Det blei ein herlig og koseleg kveld både for små og store - og vil nok gå inn i historia som den kvelden med herligast mat, deiligaste dessertar og nydeligaste kaker :-)
Friluftslivets år 2015 blir åpna i Kogekjellå på Foss, Jøsneset med eit skikkeleg iskaldt bad i elva !!! Tysdag 13. jan kl 18.00 - det er den offisielle opningsdagen rundt om i heile Norge - me startar først med ein liten oppvarmingstur til HÅVEHAMMAR, deretter bad i Kogekjellå og så gloheit viltsuppe frå bålpanna. Alle velkommen - anten du vil bade eller ei ! Arr: Hjelmeland Turlag/Kogekjellås Badevenner og Jøsneset Bygdaråd Bulystgruppa