Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
OBS! OBS!
Ny tid! Ny tid!
Årsmøte i JUL
( Jøsneset Ungdomslag)
Lørdag kl 17:00
I Trivselstova.
Det vil i løpet av Onsdag ettermiddag/kveld bli distribuert ut lappar i postkassane og på oppslagstavlene.
VÆR SNILL Å HJELP OSS Å SPRE INFORMASJONEN.
17-mai Jøsneset 2015
Fana på bildet er nå historie - 17.mai komiteen utfordrar: Kan me få laga ei ny ?
17. mai komiteen vil spreie det glade bodskap om at planlegginga av årets 17. mai feiring er i gong. Vi satsar på ei tradisjonell feiring på skuleplassen som
tidlegare. Feiringa blir tilpassa toget på Hjelmeland, så alle som ønskjer kan vere med både i 17.-mai toget på Hjelmeland og feiring på Jøsneset etterpå.
Vi ønskjer og å få til eit treff nokre kveldar før 17. mai der ungane kan øve på songar og å gå i tog. Dette kjem det meir informasjon om når det nærmar seg.
Vi skulle gjerne hatt ei fane det berre sto "Jøsneset" på i staden for "Jøsneset skule" - nokon som har tips om korleis vi får til det?
Helsing 17. mai komiteen.
Andre tips og forslag kan sendast
til komiteen v/Solveig Bog Bouzane, Rasin Tjeltveit eller Ingeborg
Westersjø.
Innkalling til årsmøte med basar
Innkalling til årsmøte i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag med basar
Måndag 16.03.15 kl 19:00 på skulen.
Ledige jobbar Bremnes Seashore
Bremnes Seashore har anlegg fleire stader i Ryfylke; og det går fint å bu på Jøsneset og jobbe på eitt av deira anlegg. Dei lyser ut fleire stillingar: sjå her på BREMNES SEASHORE
Me held fram
Gå gruppa er klare for ny tur kvar Tysdag kl 19:00.
Oppmøte er som alltid frå brannstasjonen, så ta på deg spasersko/tursko/joggesko og bli med på ein kjekk felles tur saman med oss.
Helsing styret i Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Isbaderekord
I Oslo blei det i dag, 07.02.15, sett Norgesrekord i isbading - heile 320 stk plaska uti den kalde Oslofjorden samtidig, sjå VGTV og OsloByNyheter. I Kogekjellå på Foss var det ikkje slike folkemengder; kun 4. Men sett i forhold til innbyggjartalet så var den prosentvise deltakinga laaangt høgare på Jøseneset enn i Oslo ...dermed kan me jo sei me slo rekorden...dessutan måtte det her kakkast veg ut i isflaka for å komme til kulpen. I Oslofjorden var det "berre" å jumpe rett uti. Felles for begge: begeistringa og godfølelsen etterpå !