Siste nytt
Vellykka fiberkveld
LYSE og Jøsneset Bygdaråd arrangerte fiber-møte fredagkveld. Frammøtet var veldig bra, og nå er interessa stor nok til at det blir utbygging. Dette blei feira med flott sjokoladekake frå LYSE og fiberrike kaker og godbitar frå bygdefolket - samt kaffe og brus.
Dramatikk i sentrum
Det var tilsynelatande ein heilt vanleg tysdag, i sentrumsområdet rundt Skiftukrossen. Heilt til musa dukka opp......
Prematur pakke
NASJONALFORENINGEN JØSNESET HELSELAG
DAMEKVELD TORSDAG 25.september
Har du noko restegarn liggande heime? ta det med deg på damekvelden førstkomande torsdag, så kan me saman strikke klede som prematurt fødde born treng.
Håpar at du tar turen til Trivselstova denne kvelden saman med oss i Helselaget.
Jøsneset stiller på Tilflyttardag
Søndag 28.09 stiller Jøsneset Bygdaråd i Spinneriet på Tilflyttartreff. Arrangementet er opent for alle, men med fokus på årets tilflytterar. Bygdarådet har "stand" og vil presentere Jøsneset med ord, foto og smakebitar. Me blestar òg om "Jøsneset - 200 i 2020". Kom og møt oss der, og her finn du PLAKATEN
Tid for Buhagen-produkt
Tida er definitivt moden for Buhagen- produkt: herleg kalv- og villsaukjøt, frukt og frisk eplesaft : PRISLISTE haust 2014
Modne neder
Det er ikkje berre frukta som modnast i dei solvendte liane på Jøsneset - det gjer òg NEDENE - dialektord for hasselnøtter. På Jøsneset veks det masse hassel (eller hatlar som eldre jøsnesbuar nok ville sagt), og akkurat nå, på dei solrike vakre septemberdagane, modnast dei veldig fort! Ta turen ut - er du heldig så finn du masse som har falt ned på bakken - klar til plukking, skund deg før ekornet tar de
Travel frukthaust
Sommaren var varm og hausten er eineståande flott. Frukta modnar, alt kjem på ein gong....og fruktbøndene på Jøsneset og elles i kommunen jobbar på spreng for å få all den saftige, søte frukta trygt ned av trærne .......før den dett ned sjølv.