Nytt frå Strandbuen
- Politi og ambulanse rykka ut til ulykke
- Fredag barkar Fredrik og Vidar saman i lokaloppgjer: – Ekstra kjekt å møta nevøen
- Slik såg det ut då bussen kjørte seg fast
- Foreldre fortviler over skuleskyssen – denne veka kjørte bussen seg fast
- Vil at datasenter på dette området skal gjøre et folkebad mulig
Siste nytt
Smashing Hanne !!
Utan tvil så var det Hanne Sørvaag som var stjernå, stjal heila showet og sjarmerte alle i senk på Jøsneset 23.august - Ho leverte ein flott, intim og varm konsert saman med sin glitrande gitarist Svein Olav Hyttebakk. Mørke skyer stod i kø rundt solbygda....men det må ha vore magi i Sørvaag sin sang, for kun sola slapp inn - og varmen - og publikum kosa seg. Takk til Hanne - og til kulturleiar Eldfinn Austigard og Bulystprosjektet 24-7 som gjorde dette mulig - TAKK til alle engasjerte Jøsnesbuar som stod på frå fredag til søndag ! og ikkje minst TAKK til kvar og ein av dykk som stilde som publikum og deltakar !
Klar for ein smashing dag
Me er klar !!! Fersk og flott grillmat tilberedt, kafèmat likeså, partytelta oppe, grillane på plass, pyntelyså hengt opp, scenen pynta, lydanlegget rigga, volleyballen rulle, bord og benkar på plass: Velkommen til SMASHING JØSNESET idag !! Ja, og SOLÅ ! ja - den kjem saman med Hanne Sørvaag, Morten Paulsen, deg og alle andre glade folk !! Me gledar oss til å sjå deg
Smashing innslag på NRK lokalen
Høyr Sven Westersjø fortelje om Smashing Jøsneset og Hanne Sørvaag-konserten på NRK lokalradio i dag fredag 22.aug - innslaget var heilt på slutten i sendinga ca 14.55.
Les SULDALSPOSTEN
Klikk på bildet så får du det som står i nettugåva til Suldalsposten - men det står meir i papirutgåva - så løp og kjøp eller klikk HER
Kampoppsett Skiftudal Open 2014
Me er i rute, håpar at de er det same. Sjå kampoppsett nedanfor. Ta med dykk heiagjeng, vener, naboen og møt opp på skuleplassen kl 10:30 sharp! Kafè`en har mykje godt å by på, så hugs nok kontanter.
Les oppsettet her
Gøy på Linedance !!
Lisa Albrigsten frå "Huset på Jæren" holdt eit kjempegøy linedancekurs på Jøsneset laurdag 16.aug. Både vaksne og barn, kvinner og menn deltok, og hadde det gøy. Dette var ein bit av "bulyst-vaffel-ideane" og var sosialt og kjekt, og god opplading for neste helgs store "event" her på Jøsneset.
Krøll på vegskilt
Nokon med litt for mykje "nevaklå" har hengt seg opp i det nye vegnamn-skiltet i Nesvik, og krølla det til....så nå ser det både slasje og stygt ut. Skjedde nok natt til lørdag. Den med for mykje "nevaklå" kunne jo ha fiksa det att!!