Siste nytt
Linedance-kurs
Me minner om linedance-kurset laurdag 16. august! Her kan alle bli med!
Etter ein lang og lat sommar kan du pangstarta hausten med eit linedance-kurs laurdag 16. august!
Vanningsforbud!
Den langvarige tørken skaper utfordringar for den kommunale vannforsyninga på Jøsneset. Kommunen har difor innført forbod mot vatning hos alle husstandar og hytter som er knytta til det kommunale vannettet. For meir informasjon, sjå Hjelmeland kommune sine nettsider www.Hjelmeland.kommune.no eller kontakt Hjelmeland kommune på tlf nr 51757000
Hanne Sørvaag med ny låt !!
Du har vel sett av datoen 23.august til HANNE SØRVAAG og SMASHING JØSNESET ?
Kanskje ho speler denne nye herlege låten?? set i gong å øv
Skaff deg samleutgåva JØSNESPOSTEN
Til avslutningsfesten for Jøsneset blei det produsert opp eit opplag av samleutgåva av Jøsnesposten, 32 årgangar frå 1982 til 2014 er nå samla i 2 tjukke bind. Nå er det kun 20 eksemplarer igjen av dette unike ultra-lokalhistoriske verket på tilsaman 700 sider. Løp og kjøp !!
Johanna Langvik var dåtidas SFO
Svein Hauge held eit minnerikt innlegg på avslutningskvelden for Jøsneset skule. Svein er oppvaksen på skulehuset, og faren var lærar Andreas. I bilderike ordlag delte han sine barndomsminne med dei 170 frammøtte på festen - Gjekk du glipp av dette? Her får du innlegget som han kalla: "IT NEEDS A HOLE WILLAGE TO RAISE A CHILD" ("Det trengs ein heil landsby for å oppdra eit barn"; afrikansk ordtak), og me trur me har oppdaga kven som oppfant SFO.......