1 2 3 4 5 6 8 fosst1 kjerhammars rundatjs skifts

Send oss gjerne tips om stort og smått som skjer på  Jøsneset eller som berører folk og fe i/frå Jøsnesbygda. Kjekt med foto ! Send inn til td. Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller til Bygdarådet og Helselaget, sjå kontaktinfo.


Desverre så er det for tida stort fokus på nedlegging av Jøsneset skule -  Me har desverre ikkje kapasitet til å følgje opp den saka, for ting skjer og blir sagt på politiske møter og folkemøter rundt omkring utan at det er referater å leggje ut.
Følg med i Strandbuen - det er vel omtrent den einaste staden me kan følgje med sånn nokunlunde.

Men i denne usikre tida me er inne nå,  er det ekstra viktig med godt smånytt og/ eller stor-nytt:

Som td. at to spreke Jøsnes-damer deltok i Nordsørittet - 9 mil langt sykkelløp ( i motvindTongue Out)
(jovel, ho eine bur jo på Hjelmeland, men ER jo frå Jøsneset og arbeidar på Jøsneset, så ein gong Jøsnesbu, alltid Jøsnesbu:-)

Startnr 9938 Astrid Fossaa Viga - Klasse K45 - plass 590 - Tid 04.59.41
Startnr 9868 Unni Fossaa         - Klasse K45 - plass 1195 - Tid 05.47.23

Me ropar BRAVO til to spreke Fosså-damer !

Veit du kanskje om andre spreke Jøsnesbuar som deltok? Eller har deltatt i andre liknande ting?
Eller gjort andre spreke, snodige, rare, mirakuløse, eineståande ting?
Eller som har peika seg ut på eit vis, eller som har noko å formidle ?

Me i redaksjonen kan umulig følgje med på alt og fange opp alt som skjer av store og små ting. Så ha oss tilgitt om me ikkje har fått med noko nettopp DU syns er viktig:

Så som sagt: TIPS OSS ! Ingenting er for stort eller for smått for Jøsnes-siåSmile

FaceBook
Facebook