1 2 3 4 5 Skjermbilde fosst1 gunlanut kjerhammars rundatjs skifts sunflower

Distriktskommunen Hjelmeland får passet sitt påskrive på ledarplass i Stavanger Aftenblad i dag 21.juni 2013.  I ledaren står det følgjande:


"KORTTENKT NEDLEGGING AV SKULE
Distriktspolitikk var lenge eit heidersord som politikarane gjerne trekte fram og heldt høgt. Nå er det mest gløymt - ikkje berre i staten, men desverre også i kommunane. Folk flytter frå bygd til by for å skaffa seg utdanning og arbeid, det er visst nærast ei naturlov. Det var denne distriktspolitikken skulle prøva å motverka ved å leggja høva til rette for å oppretthalda ei spreidd busetjing - i motsetnad til Sverige, der bygdene for ein stor del er nedlagde. Men nå har det lenge gått den gale vegen. Det eine samlingspunktet etter det andre forsvinn frå bygdene - butikk, postkontor, bank, og til slutt skule og barnehage. Det siste eksempelet er vedtaket om å leggja ned Jøsneset skule i Hjelmeland. Kommunen har levd over evne og må spara pengar, men med dette vedtaket er det lite å tena, fordi elevane må skyssast til skule i buss og båt. Og bygda Jøsneset vert mykje fattigare. Dette er ei korttenkt løysing på eit problem som krev heilt andre tiltak"

I faktadelen står det : " Hjelmeland kommune har brukt for mykje pengar og må kutta driftsutgiftene med 25-30 mill."

I Aftenbladets del 2 s 8-9 står det òg om nedlegging av små skular. Både om Vigre skule i Hå og om Jøsneset skule i Hjelmeland.
I artikkelen er rektor Rasin Tjeltveit intervjua, og han uttalar mellom anna: "  Når man ser hvor lite det er å spare på nedleggelse av Jøsneset og setter dette opp mot verdien skolen har for bygda, så mener vi dette er feil beslutning"




 

 

FaceBook
Facebook