Nytt frå Strandbuen
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
Siste nytt
Juklatten, Huldrehålå, Migaren, Skipanibbå.....
....ja, desse namna og over 50 til dukka opp på første "dugnadskveld" for lokale stadnamn. Det var ei lita, men svært kunnskapsrik forsamling med folk frå ulike stader i bygda som kunne bidra med fleire namn enn me hadde tid til på ein kveld.
Meld interesse for fibernett NÅ!
Me minner om at Lyse snart startar arbeidet med utbygging av fibernett i Hjelmeland kommune. Dersom me skal få tilbod om dette på Jøsneset, må innbyggjarane melde fra om at dei er interesserte.
Du kan melda deg ved å klikka på denne linken. Lyse startar i desse dagar informasjonsmøte rundt i bygdene om utbygginga.
Mørklagd bygd
I ca ei veke har ein møtt dette "synet" når ein kjem inn i bygda mot Skiftu-krysset og skuleområdet: altså totalt mørklagd. Kun skiltrefleksar som lyser. Trist syn. Alle dei 9 gatelysa som står langsmed fylkesvegen og opp til og i skuleområdet er mørke. Feilen er meldt til Lyse, og nå blir det spennande å sjå om det blir ei LYS(e) helg...PS: dette er altså ikkje del av kommunen si innsparing, slik nokon visst har trudd.
Feil på gatelys kan meldast til Lyse HER, eller driftstelefon 51 90 88 17
Bli med på INNEBANDY
Gymsalen, Jøsneset skule,
onsdag 9.okt kl 19.00.
Opent for ALLE
frå ungdomskulealder og oppover.
God trim, god konkurranse og møje løye
Fellestur søndag 6. Oktober
Søndag 6 oktober arrangerer helselaget fellestur frå Åsland til Fosstemmen.
Oppmøte kl 10:30 ved parkeringsplassen på Åsland.
Ta med grillmat. Helselaget serverer kaffi og drikke i gapahuken.
Turen er i nydeleg natur og den passar like godt for barn som vaksne.
Vel møtt
Flott blomstring på Fosså
Syrinhortensiaen på Fosså står framleis i full blomst akkurat nå i månadskifte september/oktober, sjølv om blomstringstida nok snart er over. Men den er eit syn!! 2-3 m høg og nesten enda breiare; og fullspekka av store flotte,luftige kvitrosa blomsterklasar. Blomen på Syrinhortensia minnar litt om syrin, men er mykje større og blomstrar altså utover seinsommar/haust. Blomen er veldig dekorativ og fin å ta inn som snittblom. Dette eksemplaret trivst tydelig veldig godt på denne lune plassen på Fosså. Foto: Ellen Mari Fosså. Send oss gjerne bilde frå din hage; kanskje du òg har noko fint som blomstrar eller er fin på andre måtar nå på hausten: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..