Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Nok ei herleg badehelg i Solbygda
Temperaturen i Foss-kulpen sank frå 6 til 4 grader ila siste veka, men talet på badegjester stig! Denne gongen kasta 10 stk seg uti. For medan folk flest er travelt opptekne med julemesser og innekosing, så boltrar Jøsnesbuane seg i det friske elvevatnet - og denne gongen var det Jøsneset Brannvesen som imponerte mest
Håvehammar i ny prakt
Håvehammar er vår mest besøkte turpost på Jøsneset - eit svært populært turmål for store og små. Hittil har den markerte fjellknausen vore nokså overgrodd av braje (einer), som hindra både utsikt og ferdsel utanom stiane. Men nå har gardbrukar Sven vore ute med saga; og alt av braje-kratt er rydda vekk. Naturen og utsikten opnar seg opp til ei flott landskapsoppleving.
Familie og helsebading
Måndag 25 november er siste dag med familie og helsebading før jul.
Desember månad er det stengt.
Husk bygdakvelden!
Me minner om at det brakar laus i gymsalen i kveld klokka 18:00!
Jo fleire me blir, jo triveligare blir det!! Du kan lesa heile invitasjonen her
Du vett du bur i Solbygdå når....
..Buhagen Epesaft nytes i 6 gr-kulpen på Foss i november i skodde, regn og blest
"Sol ute, sol inne, sol i hjertet.....sol i sinnet !! Åååå..."
Endeleg kom paraplydrinkane!! og denne gongen blei det uavgjort Skiftudalen - Foss !
Treffande ros til josnes-siå
Det hender me får ros og tilbakemeldingar frå dykk nettsidelesarar. Her ein dag fekk me ei artig melding frå ein ny lesar; Svein Hauge, oppvaksen på Jøsneset i etterkrigsåra, nå busett på Notodden.
Normal ferjedrift igjen
Den øydelagde ferjelemmen er fiksa. Første avgang i ordinær ferjedrift er kl 20.15 frå Nesvik torsdag 14.11.
I 1 1/2 veka har ferjesambandet Nesvik-Hjelmeland vore ute i drift pga kollisjonsskaden. Les meir på Aftenbladet.