Nytt frå Strandbuen
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
- Kommunen får krass kritikk etter badstue-konkurranse – alle som tapte har klaget
- Nils får 100.000 kroner til å utvikla seg vidare – jublar over mulegheitene det gir
- Hole in one, firlinger og verdensmester – dette skjedde i 2002
Siste nytt
Årets siste?
På Solveig Bog Bouzane sin 2.juledagstur kom ho over denne frimodige saublomen. Definitivt ein hardhaus innan planteriket! Spørsmålet er: er det årets siste?? Skulle det dukke opp nye vårteikn før nyttår er det berre å sende de over til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..
Romjulsbad kl 16
Stormvarsel og kuligkast til tross.....forholda ligg vel til rette for ROMJULSBAD i KOGEKJELLÅ lørd 28.des kl 16 - sharp!
Info om stadnamnprosjektet
Me er godt i sving med å kartfeste lokale stadnamn frå Jøsneset. Første treff var i Trivselstova i haust; og etter det er det delt ut mange kart som folk rundt i bygda skriv inn namn på. Og me har alt fått inn mange namn, mange namn er plotta inn på digital kart og fleire kjem.
God Jul frå Håvehammar
Sola svikta ikkje Solbygda på Juleafta likevel....innimellom stormkast og heftige byger blei det 2-3 flotte ettermiddagstimar på julafta med blå himmel og sol...som eit lite mirakel...God Jul frå Håvehammar.
Juleforteljing frå VONI anno 1928
HER kjem ei jule"gåve" frå VONI og Jøsneset Ungdomslag. Ungdomslaget har jo mange årgangar av VONI (seinare VONA) heilt tilbake starten av 1900-talet. VONI var på ein måte då-tidas "nettside" for Jøsneset. Folk i bygda skreiv i boka, dei les opp historiene på ungdomstreffa og boka gjekk slik på omgang frå treff til treff - til glede og underhaldning. HER skal de få ei orntleg juleforteljing. Denne er henta ut frå VONI nr 3, skriven 20.12.1928, altså nesten 100 år gammal. Litt uklart kven som er forfattaren, med redaktøren den gong var Otto Hiim.
Kanskje de nå kan gjere som bygdefolket i 1928, lene dykk tilbake og få nokon til å lese høgt frå VONI! Julestemning blir det garantert !
God Jul til folket - og drøym om "lefser som skin som tiriltunger i eldskinet"
Julematen er i hus
Mandag kveld møtte spende kursdeltakarar og minst like spende kurshaldarar opp på Bøen for å sikra bygda sylte og lammerull til jul.