Siste nytt
- Info frå Lnett om planlagd straumstans 12.mai
- Melding fra anlegget ved Fosså
- Me møtast på Fosstemmen 9.mai
- Hjartemarsj rundt Nullen 1.mai
- Ryddedag - oppmøte Grendahuset
- Har du bil og litt ledig tid?
- Møte på bedehuset 12. april
- Seniorlunsj 60 +
- Nytt datasenter i rute
- Stor stemning på Jøsnesmeisterskap i bordtennis
Me tenner juletreet
Lørdag 7.desember tenner me juletreet ved brannstasjonen. Det blir gang rundt juletreet, julesongar, gløgg, pepparkaker og sal av pølser.
Me startar med fakkeltog frå Skiftunkaien klokka 17
Faklane kostar kr 50,-
Hjarteleg velkomne store og små!
Bygdarådet
Julebad i Kogekjellå
Det nærmar seg jul, likevel held badinga i 4-graderskulpen "Kogekjellå" på Foss fram som før.....også nå på lørdag blir det bading, og lørdagen etter det:
Helselaget inviterar til festlig juletreff, kaldt julebad og varm julegrøt LØRDAG 14 des!!
Då kjem det også besøk av ein "Nissekar" ud-ante.....hm...kven kan det vere???
Og tør han å bade??
Set av dagen, og følg med : meir info kjem !!
4 grader i Kogekjellå
På an igjen: 31 november, 4 grader i elva..9 stk plaska uti det iskalde vatnet som kjem ovante snødekte Jøsnesheia. Det varma godt med gløgg og solboller etterpå.
Solboller og isbading kl 16
Det er grunn til å feire siste dag i november 2013 - som blei ein stille, kald og solrik dag. Det er nettopp på dei solrike dagane på vinterhalvåret at bygda lever opp til begrepet "Solbygda" - bygda ligg bada i sol heile dagen!! Me feirar sola, livet og bygda med nybakte Solboller og varm te for alle som møter opp til isbading i "Kogekjellå" på Foss kl 16.00
Lystig lefsebaking
14 damer +2 takker+ 1 nordlandslefsedeig + 1 krotekakedeig = lystig lag i Trivselstova! Takkene dampa, mjølet rauk, kjevlene rulla, lefsepinnane svinga og bakepraten stod i taket. Slik er Damekveldane i bygda
Julematkurs
Vil du framstå som ein innfødd Jøsnesbu og diska opp med heimelaga lefser, krotekaker, lammerull og sylte til jul? Då har du sjansen no! Bygdarådet inviterer til lefsekurs 3. desember og påleggskurs 16. desember.
Bygdekveld med både rådmann og vær
Torsdag sist veke inviterte Bygdarådet til Bygdakveld i gymsalen. Bygdefolket strøymde til og fekk både møte kommunen sin nye rådmann Dag Flackè og Jøsneset sin nye kjendis-vær!! Jaaa, enig... snodig kombinasjon...men: ER ME PÅ BYGDA SÅ ER ME PÅ BYGDA . Me fekk òg møte det aller siste nye innslaget på Jøsnes-himmelen; damebedåraren og sildeentusiasten "Gunnar Vik" frå Haugesund (foto ovanfor).....i våre drømmar så flyttar han hit med sine ex-koner og store barneflokk !