Nytt frå Strandbuen
- Mariell var aldri i tvil om at ho ville ha eit praktisk yrke: – Denne jobben vil eg bli gammal i
- Fornøyd med å få flere søkere til lederjobb – dette er det viktigste kommunen ser etter
- Quiz: Hvor godt leste du Strandbuen i april?
- Pilt-Ola har flyttet til Strand – det er det en grunn til
- Full enighet om at takstene er for høye – men det må mer til enn det
Siste nytt
Fleirtal for nedlegging av Jøsneset skule
Formannskapet som partsamansett utval behandla i dag sak om Omstillingsprosjektet; inkludert skulestruktur.
Når det gjeld skulestruktur, så gjekk fleirtalet inn for at kun Jøsneset skule skal leggjast ned, ingen andre endringar i skulestruktur. Dette forslaget fekk 6 røyster: Bjørn Laugaland og Per Inge Egeland i SP, Lin Veronika Jacobsen i AP og Håkon Helgøy i KrF, samt to tillitsvalde (men dei får ikkje stemme vidare i kommunestyret).
Deretter var det to røyster for å leggje ned både Fister og Jøsneset: Anne Berit Rinde i KrF og Ola Ingvaldstad i FrP.
Ordførar Trine Danielsen H fremja forslag om å behalde Jøsneset, men dele frå 5-7 trinnet frå Fister skule. Ho fekk kun si eiga stemme.
Altså: Fleirtalet i Formannskapet er for nedlegging av Jøsneset skule. Dei vedtok òg at før saka kjem til Kommunestyret den 19.juni vil de ha utgreidd konsekvensen av å kjøpe elevplassar for Jøsenfjordelevane på Erfjord skule.
På Folkemøtet som var på Samfunnshuset seinare i kveld kunne SV sin representant Eva Kristin Aune fortelje at ho vil stemme for nedlegging av Jøsneset, medan Johan Mjølhus i Venstre går inn for ingen strukturendring i skule.
Det er framleis nokon av politikarane som ytra at dei er i tvil, og at dei tykkjer det vanskeleg, og ein del av dei som sit i kommunestyret har enda ikkje ytra kva dei meiner. Så det er framleis uavklart fram til kommunstyretmøtet 19.juni. ...sjølv om det var svært så klart i Formannskapet.
( NB: her er det kun forholdet til skule-struktur som er kommentert; ikkje dei andre einingane).
Foreldregruppa på Jøsneset samt Jøsneset Bygdaråd hadde sendt inn skriv til kommunen i forkant av Formannskapsmøtet. Frå Jøsenfjorden er det òg sendt inn skriv.
Modige elevar talar til politikarane
Det blir hevda og meint mykje om små skular for tida; sist nå i folkemøtet med politisk panel som blei avhalde på Jøsneset 29. mai. Ein ting er sikkert: små skular kan også skape modige, samfunnsengasjerte og sosialt oppvakte elevar. Dette beviste både Elise (10) og hennar medelevar Kristiane og Amber på møtet i kveld: For uoppfordra og med lettare overraska foreldre til stades, så reiste dei seg opp, ba om ordet og talte i mikrofon til forsamlinga på ca 50 tilhøyrarar frå Jøsneset og Jøsenfjorden og til 5 kommunepolitkarar om kva dei meiner om planane for nedlegging av Jøsneset skule. Dei fekk fram sine poeng; dei trives på denne vesle skulen, og tykkjer dei har ein god skule, er glade i dei nye leikeapparata og syns det er trist viss skulen blir lagt ned. Viktig at barn sine stemmer kjem fram òg i slike store debattar !
Søndagstur til Reinarknuten
Hjelmeland Turlag inviterar deg med på kjempefin tur til Reinarknuten søndag 26.mai.
Dette er den flotte, høge nuten opp frå Tysdalsvatnet; ein nut som du ser frå Jøsneset.
Kanskje du vil opp å vinke heim? Les meir på den åpne Facebooksida til HJELMELAND TURLAG
Vinnarar av 3-nutstur og Hardhausen 2013
Vinnar av 3-nutsturen blei Monica Østerhus frå Jøsenfjorden. Ho var nærast den hemmelege idealtida på 4 t 53, då ho kom i mål 2 min før: på 4, 51. Monica fotel at ho hadde ein super tur, og syns det var eit flott arrangement. Det var første gongen ho deltok. Her på bildet er ho på partiet mellom Valafjellet og Røssenibben, med utsikt rett ned i Bastlid og over mot Randøy.
Og her har me "Hardhausen 2013", Espen Meling frå Stavanger. Han gjekk 6 min raskare enn oppsett idealtid på 5 t 50min, og var dermed nærast. Espen har hytte på Nesvik, men har kun vore på Gunlanuten før ein gong, for sikkert 30 år sidan. Også han var førstegongsdeltakar på dette arrangementet, og hadde aldri før vore på dei andre tre toppane ein må oppom for å bli Hardhaus. Her er han avbilda på posten på Norda Høgaste på Herefjellet. Espen har tydeleg ikkje tatt skrekken av denne naturopplevinga, for han fortel at han håpar å delta òg til neste år.
Me gratulerar begge med seieren og ønskjer begge velkomne igjen !!
Saknar du ein skritt-tellar?
Det er funne ein skritt-tellar i turpostkassen på Brynå. Kanskje den er din?
Ta kontakt på 950 50 427
Ny draumedag frå topp til topp
Slik ser tre ekte "Hardhausar" ut : Runar 10 år ( t.v.) var årets yngste "Hardhaus", og han og Vebjørn (t.h) 11 vart i år "Hardhausar" for første gong, medan Jakob 13 år har littegrann erfaring i sporten. Her glade på 4.og siste nut: Valafjellet.
Det må vere noko magisk over "Hardhausen og 3-nutsturen", for været har ein tendens til å vise seg virkeleg frå godsida akkurat denne dagen: slik gjekk det òg i år: sol og deilig sommarvarme ! 68 lettkledde, smilande, spreke, trivslege deltakarar i aldersgruppa 6 - 78 år deltok i år. I år var det så mange som 37 av deltakarane som blei "Hardhausar" (dvs gjekk alle 4 toppane). Så mange som 27 av vandrarane deltok for første gong, og 15 av deltakarane har deltatt alle gongene dette har vore arrangert: dvs 5 gonger!
Vinnar 3-nuts-tur: Monica Østerhus, Jøsenfjorden, tida 4 t 51 min (idealtid 4,53)
Vinnar Hardhaus: Espen Meling: nærast idealtida på 5 t 50 min.
(det har ikkje lykkast redaksjonen å få ta i foto av vinnarane; send gjerne inn!)
Feiande flott 17.mai på Jøsneset
Ja, for det heile starta med relativt feiande vind; og flagget fremst i toget vaia godt og flosshattane heldt på å fyke av. Her ledar komiteen an i årets 17.mai tog, tett fulgt av skulen, barnehagen, bygdefolket og tilreisande gjester.