Nytt frå Strandbuen
- Gunn Bente kjempar for ultralokal juletradisjon: – Eg er redd den kan forsvinna
- Jonas (17) og Ella (17) har blitt utfordret med helt nye oppgaver: – Det er mye å tenke på
- Kommunen bøyde av etter store protester – veiene blir likevel brøytet
- Måtte innstille alle ferjeavgangene – feilene er nå fikset
- Kjempestemning på låven – se alle bildene fra julemarkedet
Siste nytt
Skeisedag Fosstemmen

Søndag blir det felles skeisedag på Fosstemmen kl 13.00. Ta med skeiser, mat, drikke, gode klær, sitteunderlag - og NB ta med litt VED kvar, så kan me tenne eit felles bål.

NAUSTE stengt lørdag
Cesilie melder at MIXn NAUSTE på Nesvik har stengt lørdag 12.01.12 pga varetelling.
Helsebading startar opp
Helsebading i oppvarma basseng, frå måndag 7.januar og kvar måndag ut gjennom våren. Helsebading fortsetter tre mandager i april 2013 og siste gong blir 22. april
Småbarn (under skulealder) med foreldre: kl. 17.30-18.30
Vaksne kl. 18.30-19.30
Pris: kr 30 for vaksne og kr 20,- for born.
Arr: Helselaga i kommunen saman med sanitetsforeningar.
Turpost-bøkene er bytta
Her ser de tala for besøk på turpostane våre i 2012. (Tala frå i fjor står i parantes). Etterkvart som bøkene vert bytta vil tala oppdaterast her.
(foto: Jorunn Foss, tatt frå Nesdalsfjell)
VOLLEYBALLTRENING 2013
Volleyballtreninga startar opp att onsdag 02.januar kl 20.00
GYMSALEN JØSNESET. Nye og "gamle" spelarar er hjarteleg velkomne !!
Vær-kavalkade 2012
Året 2012 ebbar ut: ei jule-og nyttårshelg med både storm, regn, sol og snø. Her frå Fosstemmen 30.desember12. Vatnet flaumar medan snøfillene dalar store som lammeøyrer. Ja, dette er òg "Solbygda" !! Følg året 2012 i storm og stille nedanfor:
Koseleg " gjensyn" med juletrefesten
Etter nokre år med litt varierande interesse for tradisjonell juletrefest, var det i år igjen duka til juletrefest i gymsalen. Og dette blei eit koseleg "gjensyn" med juletrefesten slik mange hugsar den. Alt var på plass: folka, julesongen, stemninga, julenissen, ord for kvelden, gang rundt juletreet, Prøysenvise, leiker og Quis - og ikkje minst: glade barn, kaffe, gløgg og litt godt å bite i.