Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Nytt frå Aftenbladet
- Reinkind har funnet VM-formen. Slik skal han få Tangen til å briljere.
- – Å undergrave Sentrumsplanen til at ingenting er vedtatt, bare planlagt, er feil retning å gå
- Stor aksjonær frykter at Jærens største grunneier kan tape omdømme midt i en pandemi
- Fire spørsmål og svar: Hva kan vi forvente av årets vinterferie?
- Eiendomsutvikler og kjøpesenter i krangel om gangbro: Krever 3,6 millioner
Takk for bidrag til demensaksjonen
Jøsneset helselag har denne veka hatt digital demensaksjon. Hjarteleg takk til alle som vippsa inn pengestøtte !! Tilsaman blei det samla inn kr 4 450 via Jøsneset helselag sitt vippsnummer. I tillegg kom det inn kr 2250,- via Facebookaksjonen som helselaget blei oppmoda til sentralt (det beløpet blir registrert inn til Nasjonalforeningen avd Rogaland). Nå er sjølve aksjonsveka over, men de kan likevel støtte den viktige demensforskninga til Nasjonalforeningen for folkehelsen sentralt, VIPPS NR: 2216.
Meir info om demensaksjonen
DEMENSAKSJONEN 2020
Aksjonen heiter: «Bare forskning kan stoppe demens». Jøsneset helselag Vipps til 562037 - mrk. Demensaksjonen.
I år arrangerer Nasjonalforeningen for folkehelsen DEMENSAKSJONEN for 20.gang, men i år utan bøsser. På grunn av koronaepidemien kan me ikkje gå frå dør til dør og ha den tradisjonelle bøsseaksjonen. Men Jøsneset helselag har eige Vipps-nummer 562037. Innsamla beløp blir overført til Nasjonalforeningen for folkehelsen etter avslutta aksjon. Det er alltid spanande å sjå det beløpet me lokalt bidreg med! Demensaksjonen varer fra 21.-27.september
I dag finst det ingen kur. Me treng meir forskning.
Takk til alle som bidrar.
Nasjonalforeningen Jøsneset helselag
Hyttefrukost 10. oktober

Strandryddeaksjon 5. - 20. september
I løpet av perioden 5.-20. september inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedugnad. Dei som ønsker å vere med kan hente sekker og lodd hos Hanne C Tjeltveit, telefon 47668501. Fint om du også gir beskjed hvor du har tenkt å rydde.
Jøsenfjorden Ut
Den nydelege Jøsenfjorden er verdt å sjå ovanfrå i heile si lengd. Ila av to dagar har Turlaget fellestur på ytre delar av Jøsenfjorden:
- Laurdag 12. september første etappe: Dale-Ramsfjell-Indre Eiane
- Søndag 13.september andre etappe: Ytre Eiane - Røssenibben - Nesvik
Du kan vere med på ein av turane, eller begge. Påmelding, så følg linken på turane og meld deg på. Turane er relativt tunge i ulendt/bratt terreng. Men flotte utsiktar ventar !
Arr: Hjelmeland Turlag.
Last til Romania
Like trufast som trekkfuglane er Romania Aid. Dei hadde innsamling ved branngarasjen på Skiftun i går, fredag 05.september. Og allereie dagen etterpå blei alt lasta inn i stor trailer og kjørt avgårde til Romania. Dei fortel om to prosjekt de satsar på i 2020: to dagsenter fordelt på to ulike byar; Bucharest og Tirgu Mures, der gatebarn og huslause kan få mat, klær, sko og vask. Eventuelt overskot av innsamling/basar går til ID-kort til dei fattigaste. Lasterommet i hengaren blei ikkje heilt full denne gongen, men Morten Brekke og Øyvind Viland takkar til alle som bidrog ! Då er traileren på veg sørover, slik som òg trekkfuglane.