Jentene inntok scenen !
Bygdarådet hadde oppmoda folk: still med et sceneinnslag på juletre-arrangementet 1.des!! 5 jenter tok utfordringa - og dei kjørte på med heile 3 dansenummer og 2 sangar. I august var det Hanne Sørvaag som stod på scenen. Denne gongen var det våre heilt lokale stjerner. Jøsnesjentene hadde sjølv korografien på dansane de viste fram.
Og ikkje nok med dans. Jentene hadde òg øvd inn ein koseleg julesang, og tok keyborden med seg ut - og vips så blei det julestemning :
Takk jenter !! Dokke e goe og tøffe !!! Stjernene på scenen !
foto/film: Svanhild Hjorteland Gbada
SKILTKVELD onsdag 5. desember
Denne veka var det god gang i skiltmakarverkstaden !! Gjengen var så ivrig, at det blir ny skiltmakingkveld ONSDAG 5. DES kl 19.30 i sløydsalen. Alle er velkomne. Det er veldig kjekt at desse namna lever vidare, og ikkje minst å sjå de ferdig montert ute i terrenget etterkvart. Dei skilta som er laga i haust, ligg foreløpig klar på lager
Ny skiltkveld i sløydsalen
Me prøver igjen: NY KVELD FOR SKILTMAKING BLIR ONSDAG 28.NOVEMBER kl 19. 30 SLØYDSALEN !!
Scenen er din !! 1.desember
Bygdarådet minner om julegrantenninga 1 . desember, kombinert med opning av utescenen. Og på dette arrangementet står sjølvsagt scenen til DIN disposisjon: alle som har lyst å bidra med eit sprelskt, rørande, høgtideleg, smågalt, morsomt, amatørmessig, historisk innslag får meir enn gjerne lov til det då ! Du kan jo lese, synge, danse, gjøgle, trylle, sjonglere, balansere....ja....du kan opptre med det du har lyst til !! Alle er velkomne med bidrag, store, små, aleine, saman, gammel og ung !! SET AV DATOEN 1. DESEMBER til JULEGRANTENNING OG SCENEOPNING !
Trimmen flytta til onsdag
Det har blitt lite trening i gymsalen dei siste vekene, og denne veka prøver me onsdag 19:30 i staden! Velkommen til alle