Siste nytt
- Kva med ein skeisedag på Fosstemmen?
- Ta deg ein liten VINTERTUR
- Julehelsing frå Bygdarådet
- Hurtigbåten: vere eller ikkje vere ??
- Dugnad for nytt kjøkken
- Juletretenning
- "Ekstrem oppussing" i gymbygget
- Strikkekveld Torsdag 5 november
- Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
- Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Nytt frå Aftenbladet
- Reinkind har funnet VM-formen. Slik skal han få Tangen til å briljere.
- – Å undergrave Sentrumsplanen til at ingenting er vedtatt, bare planlagt, er feil retning å gå
- Stor aksjonær frykter at Jærens største grunneier kan tape omdømme midt i en pandemi
- Fire spørsmål og svar: Hva kan vi forvente av årets vinterferie?
- Eiendomsutvikler og kjøpesenter i krangel om gangbro: Krever 3,6 millioner
Strikkekveld Torsdag 5 november
Det blir ny strikkekveld torsdag 05. November Kl 19.00 til ca Kl 21.00 i Trivselstova. Alle er velkomne både med og utan strikketøy til eit uformelt treff. Me tar hensyn til gjeldande smitteregler!
Arr:
Plask i Skiftuvika for "Et hav av muligheter"
Den haustkalde fjorden var ingen hinder for gjengen som plaska uti Skiftuvika til ære for TV-aksjonen "Et hav av muligheter" : WWF sin innsamlingsaksjon for eit reinare hav ! I år blei det utendørskafè på Skiftukaien i regi av Jøsneset Bygdaråd, og frisk bading i Skiftustranda. Jøsneset Bygdaråd oppretta ei digital bøsse - som ein fekk inn 5400 kr på kafèen. Har du lyst å gi til aksjonen og få det registrert på Jøsneset si bøsse, følg du berre linken på bøssa.
Hopp i havet! TV-aksjonen 2020
Frå klokka 15 i dag blir det bading, god stemning og kaffi på Skiftunstranda! På kaien er det fyr i bålpanna, og det blir sal av kaffi, kaker, boller m.m. til inntekt for årets TV-aksjon.
Bli med og fyll opp Jøsneset si virtuelle bøsse: Legg penger på bøssa her
Du kan og støtta aksjonen med penger til VIPPS nr 2133
Eit hav av moglegheiter - TV-aksjonen 2020
Søndag 18. oktober er det igjen tid for den tradisjonsrike TV-aksjonen på NRK, og kalla verdas største dugnad. I år går pengane til aksjonen "Eit hav av moglegheiter" i regi av WWF, Verdas naturfond. På Jøsneset vil me markera dagen med bokstaveleg talt å hoppa i havet!
Strikkekveld - Torsdag 15. okt
Det blir strikkekveld torsdag 15. Oktober Kl 19.00 til ca Kl 21.00 i Trivselstova. Alle er velkomne både med og utan strikketøy til eit uformelt treff.
> Har du ikkje anledning til å komma på torsdag, men kan tenke deg å vera med ein annan gang, så er det fint om Ellen Mari får ein tilbakemelding på tlf 92 46 36 75.
> NB! Me tek omsyn til gjeldande smitteregler.
> Velkommen!
> Arr: Nasjonalforeningen Jøsneset Helselag
Les om busssjåføren Sven på JONEBLOGGEN
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og denne gongen kan du lese om den blide busseigaren Sven Gjil Westersjø ....som mellom anna skyssar skuleungane att og fram over fjorden !
Les om storfiskaren Oddvar på JONEBLOGGEN
Jone Laugaland har ein finfin blogg for alle som er interessert i Ryfylkestoff. Den heiter JONEBLOGGEN, og her kan du lese om den ivrige fiskaren Oddvar Skiftun som drog ut på Ombofjorden ein vakker haustdag....og drog i land denne store ruggen !!