Siste nytt
Bli med på ....
Det er deilig vår over bygda – og det nærmar seg nasjonaldagen ! Saman vil me gjere bygda enda vakrare og reinare. Rydding av søppel langs vegane. Vask av Trivselstova - ta med bøtte, kost og klutar
Dette er kjekt og sosialt team-arbeid og både små og store, unge og vaksne har masse å bidra med her !! Etterpå kosar me oss med kaffe, saft og pølser ute i vårsola - Velkommen frå Jøsneset Bygdaråd
Info Fibernett-utbygging
I fjor kunne folk her melde si interesse for fibernett inn til LYSE. Alle desse har nå fått eit INFORMASJONSKRIV. Me legg dette informasjonsskrivet ut på nettsida; slik at infoen blir spreidd uavhengig om ein har meldt interesse eller ei. LYSE opplyser òg at dei jobbar med pristilboda, og vil vere klar med dei nå i veke 20, når dei startar salget her på Jøsneset. I samband med dette vil infoskriv gå til alle hus/hytteeigarar i bygda - til alle med unntak av dei som har resvert seg mot reklame. Det kan hende at LYSE òg får til eit ope folkemøte om dette her nå i mai; dette vil dei eventuelt kome tilbake med meir informasjon om. Viss det ikkje blir folkemøte; vil LYSE ta kontakt med dei som har meldt interesse via telefon. LYSE opplyser at prisen blir avhengig av kor stor dekning de får på salet; dvs er interessa stor, kan prisen gå ned. Dette kjem det òg meir info om. Førebels viktig å vite at LYSE jobbar med saken ! Meir info om produktet samt eit interesseskjema finn de HER
Hærverk i gapahuken
Det var eit trist syn som møtte ungane då dei var innom skulen og barnehagen sin fine gapahuk etter helga.
DIS Norge treng fotograf !!
Me har fått ein førespurnad frå DIS-Norge, som i samarbeid med Arkivverket i Norge mellom anna arbeider med registrering og fotografering av gravsteinar i heile Norge. Dei treng nå ein frivillig fotograf på Jøsneset !! Les førespurnaden nedanfor:
Torsdagstrimming
Lyst på ein frisk luftetur? Tordsdagens gå-og joggegruppe kan vere løysinga Kvar TORSDAG kl 19.00 - oppmøte v/Branngarasjen, Skiftukrysset - gjeld òg Skjærtorsdagskveld ! Kva med ein tur til Håvehammar ?
Stem fram grillplass på Jøsneset
Gilde gir bort 30 griller, og nå er solbygda Jøsneset med i konkurransen.
Gå inn på www.grillpolse.gilde.no og stem på grillplassen.
Grillen er spesialdesignet av Snøhetta på oppdrag fra Gilde. Hovedelementet er støpt i hvit betong (den samme som ble benyttet i Operaen i Oslo), mens selve grillelementet er sveiset i stål. Grillen er veldig tung og vil fundamenteres ved montering.
Nauste opent 10-21
Cesilie på Nauste minner om at dei har opningstider kl 10.00 - 21.00 kvar dag heile påsken, og ønskjer alle velkommen innom !!
GOD PÅSKE !!