Skip to content

http://www.josneset.no/

Increase font size Decrease font size Default font size
Du er her: Hovudside
VELKOMMEN TIL JØSNESET

Velkommen til ”solbygda”, og til Jøsneset sin eigen nettstad.
Jøsneset er ei lita bygd i fjord- og øyriket Ryfylke i Rogaland fylke.

 

 

Les meir…
 
Klar for SKIKARUSELL PDF Skriv ut E-post

Nå startar vinterens kjekkaste og trivslegaste eventyr: SKIKARUSELLEN 2012!

Set av følgjande datoar:

1. MÅNDAG 30. jan kl 18.00
2. TYSDAG 14. feb kl 18.00
3. ONSDAG 29. feb kl 18.00
4. TORSDAG 15.mars kl 18.00 inkl premiering Smile

SKIKARUSELLEN finn stad i lysløypa ved Gullingenhuset, og er eit kjempekjekt skikarusell-renn først og fremst for barn...og eit av Rogalands største, har me høyrt .  Det vrimlar av barn og vaksne i løypene kvart år; frå Vindafjord, Nesflaten, Suldal, Erfjord, Jøsenfjorden,Hjelmeland....og ja, sjølvsagt plar òg Jøsnesborna vere godt representert. På bildet ovanfor ser me to av Jøsnes-"veteranane" som forøvig går for mottoet "Hald saman" Kiss. Men for dei som kjenner konkurranseinstiktet boblar, er det gode moglegheiter for konkurranse om gode tider i tidtakingsklassen. Og  altså: for dei som heller vil "halde saman" er det trimklasse.

Påmelding med namn, klasse, trim/tidtaking innan 28.jan til Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Les meir på nettsidene til SULDAL IDRETTSLAG.

Share/Save/Bookmark
 
Barnetrim vår 2012 PDF Skriv ut E-post
Skrive av helse   
onsdag 18. januar 2012 21:13

Barnetrimmen er i gang og starta bra i dag. Mange glade ungar fekk endeleg trimma seg igjen, etter pause sidan før jul.

Lista over datoar og ansvarlege for barnetrimmen finn du i menyen til venstre under lag/organisasjonar og helselaget.

Du kan og finne lista her.

Share/Save/Bookmark
 
Årsmøte i Turlaget PDF Skriv ut E-post


Hjelmeland Turlag inviterer oss til Årsmøte + god mat, info om Metorittkrateret på Ritland og fotos frå heiane våre. Spinneriet, Hjelmeland 2.feb kl 19.30.  Les plakaten HER
PS: visste du forresten at i Hjelmeland er me "norgesmeistrar" i Turistforeningsmedlemskap: ingen kommune i landet har så mange medlemmer ift innbyggartal.......har hørt rykter om rundt 13 %. Vil du òg bli medlem, sjekk Den Norske Turisforeningen

Share/Save/Bookmark
 
Ta deg ein skitur PDF Skriv ut E-post
Skrive av jul   

Eit av fleire fortrinn ved å bu på Jøsneset, er at det er kort veg frå fjord til fjell. Kun ein halvtimes kjøring unna, så er me oppe i flott skiterreng, med masse preparerte skiløyper, skitrekkk og lysløype....og ikkje minst flotte heiområder for "frigåing". Og nå er det snø og flotte forhold.

Eit godt tips: LØYEKJØRAREN PÅ GULLINGEN på Facebook. I tillegg til at han er rasande flink å kjøre flotte spor, så legg han ut info og bilder om snø, vær og løypeforhold på Facebook nesten daglegSmile Kjempetilbod.  I tillegg kan finne kart og meir info om ski og løypeforholda i heia på desse nettsidene Miljøstatus Suldal og Gullingen-sida.

Kok opp kakaoen, pakk sekken, ta turen !!

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert tysdag 17. januar 2012 21:49
 
ROSEKVELD I TRIVSELSTOVA PDF Skriv ut E-post
Skrive av jul   
laurdag 14. januar 2012 10:05

Mandarinrose, Foto: Svanhild H Gbada

Kva vil vel gjere oss betre, nå midt i den mørke våte vinteren, enn ein kveld via til dei vakre roser ??  Nå har du sjansen: Hjelmeland Hagelag innbyr til
ROSEKVELD I TRIVSELSTOVA med Odd Haukås torsdag 26 januar kl 19.00.
Det blir servering av kaffe og kaker, sal av årer og utlodning. Les plakaten HER.
Og me er sikre på det blir slik det plar bli på Hagelagskveldar: knakande koseleg !! Velkommen !!

Share/Save/Bookmark
 
Nedsett kapasitet på ferja PDF Skriv ut E-post

Den siste tida har det vore mykje nedsett kapasitet på ferja pga farleg last. Norled sender ut SMS-varsel. Men obs : av og til kjem meldingane frå Norled RETT før avgang, som td i går 18 jan då Norled sendte ut melding om nedsett kapasitet eit kvarter før ferjeavgongen. Då var det kun 12 passasjerar som kunne bli med ferja. Me kan ikkje legge ut melding om slik nedsett ferjekapasitet her på nettsida, når varslinga kjem så kort før. Difor:

Bestill SMS-varsling på din mobil.  Send følgjande melding til TIDE på nr 2077:
Tide varsle 1027 - då får du SMS-varsel for Hjelmeland-Nesvik ruta.
Alle ferje-og rutebåtsamband har eit RUTENUMMER, så du kan bestille varsling på kva samband du vil. Finn rutenummer og få meir info på Norled/ TIDE SI NETTSIDE

Share/Save/Bookmark
Sist oppdatert torsdag 19. januar 2012 07:43
 
<< Start < Førre 1 2 3 4 5 6 7 8 Neste > Siste >>

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL
Del på facebook

Været

Nesvik
Noreg
Laurdag 28.01.2012
Delvis skyafra øst-sørøst2°C5.7m/s
0mm
Søndag 29.01.2012
Lettskyafra øst-1°C3.3m/s
0mm
Mandag 30.01.2012
Skyafra øst-sørøst-1°C5.9m/s
0mm
Tysdag 31.01.2012
Skyafra øst-sørøst-3°C4.1m/s
0mm
Onsdag 01.02.2012
Skyafra øst-3°C3.9m/s
0mm
Klikk for meir detaljar: yr.no
Vi har 41 gjestar her no
Artikkelvisningar : 102752