Nytt frå Strandbuen
Siste nytt
Flott tursommar !
Turpostane på Jøsneset har hittil i år hatt godt besøk, og aller mest i juli månad !
Bra snegleaksjon
Det var bra frammøte då Silje på Bøen inviterte til snegleaksjon onsdag denne veka. Ho hadde handla inn NEMASLUG og folk strøymde til med spann med sneglar i. Sneglande fekk seg eit bad i Nemaslug-blandinga. Deretter blei sneglebad-blandinga tatt med heimatt i hagane rundt om i bygda, sneglane klipt i to - og blandinga blei lagt ut som åter rundt om. Nok ein gong eit bra initiativ, og det må felles bekjemping til for å bli kvitt plaga. For første gong var det òg observert brunsneglar på Åsland og i Nesvik - Folk herfra møtte opp for å "ta tak" jo før jo heller. Elles blei det god spredning rundt til Fosså, Skiftun og Knutsvik. Me må nok ha nye aksjonar òg framover - men inntil vidare - la oss håpe at me sette ein real støkkar i dei brune sneglane !
Aksjon mot brunsneglar
Ny felles aksjon for å bekjempe brunsneglane !
Møt opp onsdag 5.august klokka 18:30 hos Silje Sværen på Bøen!
Slik gjer du:
Volleyball Måndag kl 19:00
Måndag 3.August kl 19:00 blir det Volleyball trening/kamp på Westesjø Centrecourt i Fossdalen.
Ingeborg "legger opp" til "serve-ring" av sine mjøsinspirerte lappar, medan Sven "sun-blokkar" seg med faktor 25 på førehand. Blir fint ver! Velkommen te volley i Fossdal...
Turtips - Valafjellet
Ta deg ein svipptur til Valafjell 713moh - på merka sti frå Foss. Følg skogsvegen til Skiftustølvatnet, vidare på sti i retning Gunlanuten. Ta av frå Gunlanutstien like ovanfor Grøna Lia. Stien er godt merka, og lyngen ligg nå "nedpå" så det er lett og fint og gå. Fin variasjon til Gunlanuten, om ein då ikkje gjer som tipsarane Ellen Mari og Odd - som gjekk begge toppane !! Foto: Ellen Mari Fosså
Resultatlister Aktivitetsdagen
Ungdomslaget arrangerte både 5-kamp og JM i Morellsteinspytting sist helg. Her er resultatlistene:
5-KAMP - KÅRING AV ÅRETS KVIGA OG ÅRETS STUT :
Konkurransen fann stad i Skiftun strand og på Skiftun kai. Greinene var: Vannbæring, presisjonskast makrell, pilkast frå iskar, økekast, pingpong frå isbad og deretter palleløp i sjø.
MORELLSTEINSPYTTING:
Konkurransen fant stad på Skiftun Kai:
Vinnar Svein Egil Korsbø frå Moi
Ein smashing flott dag
Masse blide folk var å sjå på Jøsneset 25 juli 15 ! Frå midt på dagen til langt på natt var det smil og latter, aktivitet og dans, god mat og god musikk. YR-meterologane holdt komiteen på pinebenken, og meldte regn....men dagen gjekk over i historia som ein av dei bedre 2015-sommardagane: stille og god temperatur - ein herleg sommmardag og kveld !!! Me fekk kåra ÅRETS KVIGA og ÅRETS STUT - og JøsnesMeister i Morellsteinspytting !!
Smashing blid og fornøyd var òg denne tøttå - Lene Hjorteland - som vant 5-kampen for kvinner og som dermed kan smykke seg med tittelen "ÅRETS KVIGA 2015" !